Catullus

romersk poet

Gaius Valerius Catullus (ca. 84 f.Kr.–ca.54 f.Kr.), kjend som Catullus eller berre Catull, var ein av dei viktigaste romerske diktarane i det første hundreåret f.Kr.

Catullus

Statsborgarskap Romarriket
Fødd 84 f.Kr.
Verona
Død

54 f.Kr.
Roma

Yrke lyrikar, skribent
Sjanger Latin poetry
Catullus på Commons
Carmina, 1554

Han skreiv ulike typar dikt, som elegiar, idyllar, bryllupshymne osb. Dei fleste dikta var stila til ei kvinne kalla Lesbia. Mange av dikta til Catullus var nokså grovkorna, men dei han skreiv i dei siste leveåra sine er prega av fortvila kjensler og hat.

Biografi endre

Catullus vart fødd i det noverande Verona og var son av ein rik og mektig gardeigar på halvøya Sirmio i Gardasjøen. Faren høyrde til den romerske riddarstanden.

Då Catullus var godt tjue år gamal, fekk han ein eigedom ved Tibur, der han vart kjend med ei lang rekkje diktarar frå av den moderne skulen neoterikarane. Neoterikarane hadde alexandrinarane som førebilete og arbeidde med å skapa «formfullenda» kunst. Denne litterære omgangskrinsen har tvillaust hatt påverknad på Catullus.

Då Catullus var rundt 25 år gamal, møtte han kvinna Clodia, som var gift med rikmannen Metellus Celer. I dikta sine omtalar han ho ved pseudonymet Lesbia. I fylgje Catullus var ho ei lettsindig kvinne med eit omsynslaust temperament og trong til nyting. Det lausslepne livet Clodia levde førte til ei lang rekkje forhold. Dette gjorde Catullus mektig sjalu og det kan ein sjå i dikta hans. Catullus tok del som offiser i i felttog i Hellas og vende deretter attende til Roma og døydde berre 30 år gamal.

Dei 113 overlevande dikta av Catullus er omsette til nynorsk av Erik Eggen, Sigmund Skard og Asgaut Steinnes (Samlaget 1978). Dei er omsette til bokmål av Johann Grip og Henning Hagerup (Tiden 1996).