Celle er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 68 000 innbyggjarar. Byen ligg i den sørlege delen av Lünebuger Heide ved elva Aller, som er ei sideelv til Weser.

Celle
Gamlebyen i Celle
Gamlebyen i Celle
Gamlebyen i Celle
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Celle i Tyskland
Celle i Tyskland is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Celle
Først nemnd i 986
Geografi
Flatevidd
 - By

176,01 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

68 508
  389/km²
Koordinatar 52°37′0″N 10°05′0″E / 52.61667°N 10.08333°E / 52.61667; 10.08333
Høgd over havet 39-73 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 29221–29229
Telefon-retningsnummer 05141
Bilnummer CE
Heimeside: www.celle.de

Historie endre

Celle vart først nemnd i eit dokument frå 986 som Kellu, og hadde rettar til å prege sine eigne myntar (Münzrecht) på 1000-talet. I 1292 gav hertug Otto den strenge (1266–1330) frå huset Welf, som regjerte Fyrstedømet Lüneburg frå 1277 til 1330, Celle byrettar. I 1378 vart Celle residens for hertugane av Sachsen-Wittenberg og i 1433 for hertugane av Braunschweig-Lüneburg. Hertugpalasset låg i eit hjørne mellom elva Aller og sideelva hennar Fuhse. I 1433 vart det bygd ei vollgrav mellom dei to elvane og gjorde bysentrumet om til ei øy. I 1705 døydde den siste hertugen av Braunschweig–Lüneburg-linja, og Celle, i lag med Fyrstedømet Lüneburg, gjekk til Hannover. I august 1714, vart Georg, fyrste av Hannover og hertug av Braunschweig-Lüneburg (kong Georg I) konge av Storbritannia. Mellom då og 1866, då byen vart ein del av Preussen under den austerriksk-prøyssiske krigen, var Celle britisk eigedom.

Den dansk-norske dronninga Caroline Mathilde, syster til Georg III av Storbritannia, ligg gravlagd i slottskyrkja i Celle.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Caroline Mathilde (1751 - 1775) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Celle i Tyskland