Celluloid Heroes
Singel av The Kinks
frå albumet Everybody's in Show-Biz
B-side

«Hot Potatoes»

Språk engelsk
Utgjeve 24. november 1972
Innspelt Mai - juni 1972
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 6:19
Selskap RCA 2299
Komponist Ray Davies
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Supersonic Rocket Ship»
(1972)
Celluloid Heroes «Sitting In The Midday Sun»
(1973)


«Celluloid Heroes» er ein song av The Kinks frå albumet Everybody's in Show-Biz i 1972. Han er skriven av Ray Davies og nemner mange kjende filmstjerner. Av skodespelarar som vert nemnd finn ein Greta Garbo, Rudolph Valentino, Bela Lugosi, Bette Davis, Marilyn Monroe, George Sanders og Mickey Rooney. Det sentrale temaet i songen er den umenneskelege måten filmindustrien i Hollywood slit ut og utnyttar stjernene sine, medan filmane dei medverkar i varer.

Sjølv om songen ikkje vart ein hitsingel, vart han mykje spelt på radio i USA gjennom 1970-åra og i 1980-åra.

«Celluloid Heroes» vert ofte trekt fram som ein av dei flottaste Kinks-songane og vert både tekstmessig og melodisk rekna som ein av dei mest modne og stemningsfulle songane til Davies. Songen er ein av få der talentet til John Gosling er eit viktig element i songen. «Celluloid Heroes» syner ei sensitiv, kjenslemessig side hos Davies, som han ikkje hadde vist i så stor grad tidlegare. Då songen kom ut var han ein den lengste songen bandet hadde gjeve ut til då med ei lengd på over seks minutt. Dei fleste songane til Davies går sjeldan over 4 minuttar. Songen har vore ein standard på konsertane deira fram til dei gav seg i 1996.

Andre utgåver endre

Joan Jett spelte inn songen på albumet hennar The Hit List. Bon Jovi gav ei konsertutgåve av songen ut som B-side på ein singel i 2002. Steve Vai spelte songen på albumet sitt The Elusive Light and Sound, volume 1.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre