Ei cenote (frå yukatansk maya dzonot eller ts'onot «brunn») er eit slukhol eller kollapsdoline fylt med grunnvatn. Cenoter er vanlege på Yucatánhalvøya og på enkelte karibiske øyar i nærleiken. Dei er samband mellom jordoverflata og underjordiske vassreservoar. Det finst fleire typer cenotar: opne, halvopne og underjordiske. Dei eldste cenotene er opne, medan dei yngste framleis ligg under bakken. Langs omkrinsen til Chicxulubkrateret nord for Yucatánhalvøya er det ein ring av cenoter. Mange cenoter er knytte saman av underjordiske grottesystem, nokre av dei over 100 km lange.

Den heilage cenota i Chichen Itza
Cenote i Quintana Roo

Cenotene vert rekna som heilage av mayaene og var viktige drikkevasskjelder.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre