Kantorsporvar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Certhidea)
Kantorsporvar
Grønkantorsporv, Certhidea olivacea Foto: Putney Mark
Grønkantorsporv, Certhidea olivacea
Foto: Putney Mark
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Kantorsporvar Certhidea
Gould, 1837

Kantorsporvar er ei biologisk slekt Certhidea av to fugleartar i tanagarfamilien, Thraupidae. Begge er endemiske til Galápagosøyane, og saman med tre tilhøyrande slekter, er dei kollektivt kjente som Darwins finkar. Fram til det siste var dei klassifiserte i busksporvfamilien, Emberizidae, men no har nyare studium vist at dei høyrer heime i tanagarfamilien. Gråkantorsporv, Certhidea fusca, blei anerkjent som ein sjølvstendig art i 2008, tidlegare var desse to rekna som konspesifikke; men dei har ulik song, føretrekk ulike habitat og lever på ulike område på Galápagosøyane.

Artslista endre

Certhidea i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Grønkantorsporv, Certhidea olivacea, Green Warbler-Finch, Gould, 1837, (LC)
  • Gråkantorsporv, Certhidea fusca, Gray Warbler-Finch, Sclater & Salvin, 1870, (NN)

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kantorsporvar