Ceval Omar

norsk-somalisk modell, influensar og aktivist

Ceval Omar (fødd i 1993)[1] er ein norsk-somalisk modell, influensar og aktivist. Ho er ei transkvinne som aktivt kjemper mot rasisme og transfobi. Ho vert sett på som ei viktig talskvinne for melaninrike transpersonar og LHBTIQ-personar.[2] Sommaren 2020 vart ho den første trans-black-curvy-modellen avbilda i britiske Vogue.[3] Ho jobba per 2022 for det skandinaviske modellfirmaet Heartbreak Management, men var også signert hos byrå i både New York, London og Paris.[2][4][5]

Ceval Omar
Fødd 1993 (31 år)
Noreg
Yrke modell, influensar

Bakgrunn endre

Ceval vaks opp i Oslo. Oppveksten hennar var røff og var korgje ein veldig positiv eller hyggeleg oppvekst, av di ho vart behandla dårleg for å vera annleis. Då ho vart eldre, laga ho seg sin eigen familie som bestod av vener frå Oslo og rundt om i verda. Ho sa: «Eg har måtte lære å akseptere meg sjølv via min 'chosen family'».[6]

Karriere endre

Omar er aktiv som modell og har omtrent 17 000 følgjarar på Instagram.[7]

Ho signerte med skandinaviske Heartbreak Management og fleire andre modellbyrå i 2018 og har sidan då delteke på mellom anna Oslo Fashion Week og Copenhagen Fashion Week. I 2021 gjorde ho mellom anna kampanjar for merka YSL Beauty, H&M, Mugler og Off-White.[6]

Ceval Omar er også ein aktivist og brenn for lhbtq-rettar, mangfald, antirasisme og kampen mot global oppvarming. Ho uttalte mellom anna dette til magasinet D2 i 2020:[8]

Eg brenn veldig for Black Lives Matter-rørsla, som jo også spreidde seg til Noreg i sommar. Det er eg glad for, for meg handler denne rørsla meir om rasisme enn om politivald – og rasisme eksisterer diverre over heile verda. Eg engasjerer meg sjølvsagd så mykje i dette fordi eg er svart sjølv, men diskriminering rammar ikkje berre svarte, men også mange andre minoritetar – både ut frå kjønn, seksuell legning og religionstilhøyrsle. Difor ville eg involvert meg like mykje i Black Lives Matter om eg hadde ei anna hudfarge.

Ho uttalte også til magasinet D2 i 2020 fleire sterke kvinner ho har som førebilete:[8]

Eg har alltid vore inspirert og motivert av sterke kvinner. Desse kvinnene inspirerer meg ufatteleg mykje med styrken og motet sitt: Klimaforkjemparen Greta Thunberg, politikaren Alexandria Ocasio-Cortez, den tidlegare supermodellen Naomi Campbell, den avdøde poeten og aktivisten Maya Angelou, den avdød songaren og pianisten Nina Simone og tidlegare presidentfrue Michelle Obama.

Ho vart i desember 2021 kåra til «årets banebrytar» av motemagasinet KK.[6]

På Costume Awards 2022 vart Ceval kåra til årets modell.[9]

17. juni slapp artisten Nils Bech og Oslo-artisten OMVR låten «Ceval» som hyller transmodellen Ceval Omar. Bech sa til Avisa Oslo sommeren 2022 at han spesielt let seg inspirera av Ceval-sitatet: «Eg vil heller leve eitt år i ljoset enn 10.000 år i skuggen». Bech skreiv på Instagram at: «Vår nye song «Ceval» er som nåtidas Pride-tog: Full av trøkk og danseglede, men også med eit ibuande mørke.»[10]

Under Trans Awareness Week 2022 la Instagram sin offisielle konto ut eit innlegg for å fremme Ceval Omar.[11]

Kjelder endre

  1. «Proff, oppført som Ceval Omar Omar». Henta 15. november 2022. 
  2. 2,0 2,1 Kifle, Mylena (26. juni 2020), «Hun kjenner på både rasisme, kvinnehat og transfobi. Nå løftes svarte transpersoners rettigheter frem.», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  3. Einarsdóttir, Ida Elise Eide (31. august 2020), «Den norsk-somaliske transmodellen Ceval (26) skriver historie», Melk & Honning (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  4. «Heartbreak Management», www.heartbreakmanagement.com, henta 15. november 2022 
  5. «Ceval Omar - Model», MODELS.com, henta 15. november 2022 
  6. 6,0 6,1 6,2 Licius, Sara Flaaen (28. desember 2021), «- Det var jo ingen rundt meg som så ut som meg», kk.no (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  7. https://www.instagram.com/ceval/
  8. 8,0 8,1 Kaspersen, Line (24. september 2020), «Hun er den første svarte plus-size transmodellen i Vogue», www.dn.no (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  9. Claussen, Lea (8. juni 2022), «COSTUME AWARDS 2022: Dette er Årets Modell», Costume.no (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  10. Myhrer, Nicole (23. juni 2022), «Transmodellen Ceval Omar fra Oslo hylles i ny låt: – Ikon av vår tid», Avisa Oslo (på norsk bokmål), henta 14. november 2022 
  11. «Trans Awareness Week, "The ideas of beauty never included a person like me", explains Ceval Omar.», Instagram (på engelsk), 14. november 2022, henta 15. november 2022