Ceyhan Nehri (eller i antikken Pyramos) er ei elv i Anatolia sør i Tyrkia eller Vesleasia, nær grensa mot Syria. Ho har utspringet sitt i Taurusfjella i nærleiken av byen Elbistan, og har ei samla lengd på 509 km til utløpet i Iskenderunbukta i Middelhavet, der ho dannar eit stort delta.

Ceyhan frå kjelda til Middelhavet

Dei viktigaste sideelvane er Söğütlü, Hurman, Göksun, Mağara Gözü og Aksu. Fleire stader er Ceyhan oppdemt for vasskraftproduksjon.

Ceyhan hadde i antikken det greske namnet Pyramos (hetittisk: Puratti), og var ei av dei viktigaste elvane i Kilikia.

Kjelder endre

36°33′55″N 35°33′39″E / 36.5652°N 35.5609°E / 36.5652; 35.5609