Château de Fieuzal

Château de Fieuzal er ein bordeauxvin frå Pessac-Léognan-appellasjonen, rangert mellom Premiers Crus for raudvin i klassifikasjonen av Gravesvin frå 1953 og 1959. Slottet produserer òg kvitvin som ikkje er klassifisert.[1] Vinkjellaren og vinmarkene ligg sør for byen Bordeaux, i kommunen Léognan. Slottet har sidan 2008 nytta satellitt til å planlegge innhaustinga.[2]

Frå ein Château de Fieuzal-vinkasse.

Historie endre

Château de Fieuzal er eit gammalt slott som ei gong i tida høyrde til familien La Rochefoucauld. Det var svensken Erik Bocké, som var gift med slottsarvingen Odette etter andre verdskrig, som gjorde vinene frå slottet kjent.[1][3] Château de Fieuzal vart overtatt av Lochlann og Brenda Quinn i 2001.[4]

Produksjon endre

Vinmarkene dekker 48 hektar, 39 hektar med raude vinstokkar med 60 % cabernet sauvignon, 33 % merlot, 4,5 % Cabernet Franc og 2,5 % petit verdot. Dei kvite vinstokkane dekker ni hektar med like delar av sémillon og sauvignon blanc.[4]

Av Grand vin Château de Fieuzal og andrevin L'Abeille de Fieuzal er den typiske årlege produksjonen på 13 000 kassar raudvin og 4 000 kassar av tørr kvitvin.[4]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Peppercorn, David (2003). Bordeaux. London: Mitchell Beazley. s. 321–322. ISBN 1-84000-927-6. 
  2. http://www.frenchwinenews.com/chateau-de-fieuzal-under-the-satellite/[daud lenkje]
  3. Lichine, Alexis (1967). Alexis Lichine's Encyclopedia of Wines and Spirits. London: Cassell & Company Ltd. s. 254. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Kissack, Chris, thewinedoctor.com. «Chateau de Fieuzal». 

Bakgrunnsstoff endre