Chaîne des Puys er ei vulkansk fjellkjede i Massif Central i Frankrike. Kjeda er 40 km lang, og har fleire vulkanske trekk, som kjegler, lavadomar og krater. Det høgaste punktet er lavadomen Puy de Dôme, som ligg om lag midt i fjellkjeda.

Chaîne des Puys
fjellkjede
Chaîne des Puys sett frå Puy-de-Dôme
Land  Frankrike
Område Auvergne
Fjelltype Vulkansk
Fjellkjede Massif Central
Bergartar frå 95 000 år sidan
Siste utbrot Om lag 4040 fvt.
Koordinatar 45°30′N 2°48′E / 45.5°N 2.8°E / 45.5; 2.8
Kart
Chaîne des Puys
45°30′N 2°48′E / 45.5°N 2.8°E / 45.5; 2.8
Wikimedia Commons: Chaîne des Puys

Kjeda er kjend for den vulkanske historia si, sidan ho vart utforska av den engelske geologen George Julius Poulett Scrope i 1820-åra. I 1827 gav han ut klassikaren Memoir on the Geology of Central France, including the Volcanic formations of Auvergne, the Velay and the Vivarais, som seinare vart gjeve ut i ein meir populærvitskapleg form i The Geology and extinct Volcanos of Central France i 1858. Desse bøkene var dei første som skildra Chaîne des Puys, og analysane som vart lagt fram her danna mykje av grunnlaget for vulkanologi.

Det er mogleg at Chaîne des Puys kan ha utbrot ein gong i framtida. Dette ville eventuelt føra til danninga av nye fjell.[1]

Kjelder endre

  1. Bliss, Dominic (15. januar 2020). «Chain Reaction: Exploring the Chaîne des Puys Volcanoes in France». France Today. Henta 2. mai 2021.