Chandrayaan-1 er India sin første månesonde og blei skoten opp 22. oktober 2008 frå Satish Dhawan romsenter på søraustkysten av India.[1] Sonden har med seg ei rekkja instrument som til saman veg 55 kg. Av desse har det infraraude spektrometeret (SIR-2) norsk deltaking i form av ei kontrolleining utvikla ved Universitetet i Bergen.[2] Mål med sonden er å observera månen i synleg lys, infraraudt, nær-infraraudt og i høg- og lågenergisk røntgenstråling.[3] Chandrayaan-1 ber òg med seg ein nedslagssonde med ei vekt på 35 kg. Denne ber med seg ein radarhøgdemålar, eit kamera og eit massespektrometer.[4]

Namnet Chandrayaan kjem frå sanskrit og tyder 'månefartøy'.[1]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Chandrayaan 1 Lunar Orbiter» Arkivert 2011-10-19 ved Wayback Machine. - NSSDC sin artikkel om Chandrayaan-1.
  2. «Norsk teknologi klar for månen»[daud lenkje] - Forsking.no-artikkel om UiB si deltaking på Chandrayaan-1-ferda.
  3. «Scientific Objectives» - om måla til sonden på den offisielle heimesida til prosjektet.
  4. «Moon Impact Probe (MIP)» Arkivert 2008-10-26 ved Wayback Machine. - informasjon om nedslagsonden på den offisielle heimesida til Chandrayaan-1.