Changzhi (kinesisk: 长治市 / 長治市; pinyin: Chángzhì Shì) er eit byprefektur søraust i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, i aust grensar prefekturet mot Henan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 13 864 km² og 3,33 millionar ibuarar i 2010.

Plasseringa av Changzhi (gul) i Shanxi

Byprefekturet Changzhi omfattar to bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og ti fylke (县 xiàn).

Sjølve byen Changzhi heitte Luan fram til 1912, og har ei historie som strekker seg tilbake til Shang-dynastiet.

Næring endre

Changzhi har store ressursar av kol, jarnmalm og asbest, og har bygt opp ein omfattande industri basert på desse råvarene.

Samferdsle endre

Changzhi er endestasjon for Kinas riksveg 208. Vegen tek til i Erenhot i Indre Mongolia og fører via Jining, Datong og Taiyuan til Changzhi. Også Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet, både gjennom byen Changzhi og gjennom fylka Lucheng og Licheng. Denne store trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa mot Mongolia, leiar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

Kjelder endre