Chaoyang (kinesisk skrift 朝阳, pinyin Cháoyáng) er eit kinesisk byprefektur lengst vest i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet, som i vest grensar mot provinsen Hebei og i nord mot Indre Mongolia, har eit areal på 19 698 km² og hadde vel 3 millionar ibuarar i 2010.

Chaoyang
prefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Del av Western Highlands
Areal 19 697,78 km²
Folketal 2 872 857 (2020)[1]
Kart
Chaoyang
41°34′32″N 120°26′55″E / 41.57567°N 120.44856°E / 41.57567; 120.44856
Plasseringa av Chaoyang (gul) i Liaoning
Plasseringa av Chaoyang (gul) i Liaoning
Plasseringa av Chaoyang (gul) i Liaoning
Wikimedia Commons: Chaoyang, Liaoning

Byprefekturet Chaoyang omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring endre

Landbruk utgjer ryggrada i næringslivet i Chaoyang. Åkervekstar som kveite, mais, bønner og poteter står i sentrum for avlen, i tillegg er Chaoyang ein viktig produsent av bomull og frukt. Chaoyang har meir enn 1600 industribedrifter, som lagar stålprodukt, maskinar, tekstilar og dieselmotorar, bilar og papir. Jarn- og stålverket Lingyuan og ein dekkfabrikk er mellom dei aller største verksemdene.

Samferdsle endre

Kinas riksveg 101 går gjennom området. Han tek ut frå Beijing og fører via mellom anna Chengde til Shenyang.

 
Frå gamlebyen i Chaoyang

Arkeologi endre

Det er gjort mange viktige paleontologiske funn i Chaoyang, der Harqin-regionen kan vise til dei hittil aller eldste forhistoriske funn i det nordlege Kina. Funn av to fuglar frå Tidleg krit-tid er mest oppsiktsvekkande, dei vart gravne ut i nærleiken av fjellformasjonen Jiufotang.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chaoyang
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tjj.ln.gov.cn/tjsj/tjgb/rkpcgb/202105/t20210530_4139310.html.