Chaparral er eit busk- eller heilandskap av plantesamfunn som ein finn hovudsakleg i den amerikanske delstaten California og den nordlege delen av Californiahalvøya i Mexico. Det er forma av middelhavsklima (milde, fuktige vintrar og varme, tørre somrar) og naturlege brannar. Ein finn både plantar med harde vintergrøne schlerofyllblad som toler sommartørken og mjukblada plantar som feller lauvet i tørkeperiodane i plantesamfunnet Coastal sage scrub, som ein finn i chaparral-biomen. Chaparral dekker 5 % av delstaten California og 3,5 % av middelhavsklimaregionen.[1] Namnet kjem frå det spanske ordet chaparro, nytta om buskeik.

Chaparral i Santa Ynez-fjella nær Santa Barbara i California.

Referansar endre

  1. HOTSPOT: California On The Edge, arkivert frå originalen 15. august 2014, henta 4. juni 2012