Charles Darwin

britisk naturforsker

Charles Robert Darwin (12. februar 180919. april 1882) var ein vidgjeten britisk naturforskar. Han vert rekna for å vere grunnleggjaren av utviklingslæra; læra som fortel at evolusjon ved naturleg utval har forma livet på jorda. Såleis har han vorte den mest innflytnadsrike teoretikaren i biologien og er kjend som ein av dei viktigaste vitskapsfolk gjennom tidene.

Charles Darwin

FøddCharles Robert Darwin
12. februar 1809
The Mount, Shrewsbury
Død19. april 1882
Down House, Shrewsbury, London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdebiologi
Yrkegeolog, oppdagar, reiseforfattar, etolog, naturvitar, filosof, skribent, botanikar
Alma materChrist's College
University of Edinburgh Medical School
Shrewsbury School
University of Cambridge
University of Edinburgh
EktefelleEmma Darwin
BarnAnne Darwin, Francis Darwin, William Erasmus Darwin, Henrietta Darwin, George Darwin, Leonard Darwin, Horace Darwin, Charles Waring Darwin, Elizabeth Darwin, Mary Eleanor Darwin
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Kungliga Vetenskapsakademien
American Philosophical Society
Det ungarske vitskapsakademiet
Schlesische Gesellschaft für vaterländische Kultur
American Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen
Accademia Nazionale dei Lincei
Zoological Society of London
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Royal Geographical Society
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino
Plinian Society

Boka The Origin of Species by Means of Natural Selection, or The Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life, vanlegvis forkorta til The Origin of Species (norsk Artenes opprinnelse), som kom ut i 1859, la fram teorien hans om utvikling gjennom naturleg utval, og vert rekna som hovudverket hans. Descent of Man vert rekna som hans andre viktigaste bok. Darwin publiserte òg ei rekkje større og mindre verk, om så ulike tema som korallrev, rur, seksuell seleksjon, kroppsspråk og meitemakk.

Liv endre

Oppvekst og utdanning endre

Charles Darwin vart fødd den 12. februar 1809 i Shrewsbury. Han var den nest yngste av Robert og Susannah Darwin sine i alt seks born, og høyrde til ein rik familie i det nest øvste samfunnssjiktet. Då mor hans døydde var guten berre åtte år. Året etter vart han send til kostskolen Shrewsbury School, kor han gjorde det relativt dårleg og vart rekna som ein under middels god elev.

Òg i vidare utdanning gjekk det gale for unge Darwin. Både medisinstudium i Edinburgh og prestestudiet i Cambridge gjekk skeis, mykje fordi guten interesserte seg meir for jakt og eigen samlemani enn for studia. Undervegs oppretta han òg kontaktar med fleire store biologar i samtida, som havforskaren og lamarckisten Robert Grant i Edinburgh og den William Paley-beundrande botanikaren John Stevens Henslow i Cambridge. Heile tida var han ein notorisk samlar som førte pinleg nøyaktige statistikkar over samlingane sine av mellom anna insekt, stein, plantar, fossil og utstoppa dyr.

Reisa med HMS «Beagle» endre

 
HMS «Beagle» i ein illustrasjon av Conrad Martens.

Presteutdanninga vart avbroten tvert i 1831 då han vart plukka ut til å vera med som naturforskar-personell på ein geografisk ekspedisjon med skipet HMS «Beagle». Han fekk jobben etter å ha vorte tilrådd av Henslow, og var ein samvitsfull forskar som såg med stor interesse på naturfenomen dei opplevde underveges.

 
Charles Darwin 51 år gammal.

Reisa var opphavleg planlagt som ei treårig jordomsegling, men skulle koma til å vara i nesten fem år; frå 27. desember 1831 til 2. oktober 1836. Dei brukte særleg mykje tid på Sør-Amerika, der Darwin samla inn eit stort og omfattande materiale som seinare skulle bli verdifullt i utforminga av den vidgjetne teorien hans om evolusjon ved naturleg utval. Det er derimot lite som tyder på at den unge mannen gjorde seg tankar om denne i løpet av toktet.

Dei lange sjøreisene gav Darwin god tid til både lesing og refleksjon, og mellom marineoffiserane på skipet vart han omtala som «filosofen». Særleg interessert var han i geologen Charles Lyell sin Principles of Geology; som nytta prinsippet om uniformitarianisme - trua på at naturlovene er dei same i dag som dei alltid har vore - til å forklara geologiske fenomen. Han argumenterte for at jorda måtte vera mange hundre millionar år gamal basert på kor små og/eller sjeldsynte endringar han observerte i landskapet i si samtid. Det geologiske tidsomgrepet vart uhyre inspirerande for Darwin, som òg underbygde det han las med eigne observasjonar: Mellom anna slutta han at Andesfjella ein gong måtte ha vore hav ut frå fossil han fann der av marine dyr.

I 1839 gav han ut den naturvitskapleg stemte reiseskildringa Voyage of the Beagle, basert på opplevingar han gjorde gjennom reisa. Her finn ein òg teorien hans om at runde atollkorallrev i ope hav opphavleg voks rundt vulkanske øyer som seinare søkk i havet; eit syn som framleis vert rekna for sannsynleg.

Vitskapleg karriere endre

På grunnlag av korrespondanse Darwin gjorde med sin gamle botanikkprofessor Henslow hadde han bygd seg opp eit rykte som ein dyktig ung forskar allereie før han kom heim til England. Han brukte mange år på å kategorisera og ordna samlingane sine etter heimkomsten, og fekk hjelp til dette av samtidas fremste ekspertar.

Ein av desse var botanikaren Joseph Dalton Hooker, som seinare skulle bli ein av Darwins største støttespelarar. Hooker var heilagt overtydd om at detaljkunnskap om einskildartar var naudsynt for å oppnå innsikt om større samanhengar, noko som inspirerte Darwin til å gå laus på sitt til då største einskildarbeid: Eit stort verk om anatomi og systematikk hjå rur, som han nytta åtte år på. Samstundes hadde han teke til å tenkja på det som skulle bli hans største bidrag til vitskapen; teorien om det naturlege utvalet.

Alt i 1840-åra hadde Darwin kome fram til hovudtrekka i utviklingslæra si og teke til å diskutera dei med nære vener som Hooker. Det var likevel ikkje før så seint som i 1858 at han publiserte noko med evolusjonært innhald; inspirert av at Alfred Russel Wallace hadde kome fram til same idé i sitt feltarbeid i Indonesia publiserte dei to kvart sitt essay om evolusjonen i det linnéanske selskapet i London den 1. juli. Det har vore diskutert om kvifor Darwin utsette publikasjonen så lenge, men vanlege forklaringar går på at han følte trong til å underbyggja teorien med meir empirisk data eller at han frykta politiske og sosiale reaksjonar på dei radikale nye ideane.

I 1859 gav Darwin ut den første utgåva av hovudverket sitt On the Origin of Species, som han skildra som «eit samandrag av eit samandrag». Seinare kom boka ut i ytterlegare fem utgåver, i alt seks utgåver, der Darwin føydde til, strauk og endra formuleringar og skreiv om delar av innhaldet. Boka var omdiskutert frå første opplag og vekte sterke reaksjonar både hjå tilhengarar og motstandarar av den nye læra.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charles Darwin