Charles Fefferman
Charles Fefferman (fødd 18. april 1949) er ein amerikansk matematikar.
Charles Fefferman | |||
| |||
Fødd | 18. april 1949 Washington | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Område | matematikk | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Princeton University University of Chicago | ||
Alma mater | Princeton University | ||
Doktorgradsrettleiar | Elias M. Stein | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences |
Fefferman er vorte skildra som eit matematisk «vedunderbarn» og meistra til dømes differensialrekning då han var 12 år gammal. Mastergraden fullførte han med høgaste karakter ved University of Maryland i 1966, 17 år gammal og han tok doktorgraden ved Princeton University i 1969.
Han underviste ved Princeton eitt år og frå 1970 til 1973 var han ved University of Chicago. I 1971 fekk han full professorstilling, som den yngste gjennom tidene i USA. Han kom attende til Princeton University i 1973. I 1978 mottok han Fields-medaljen for resultata sine innan matematisk analyse. Han har særleg arbeidd med fourieranalyse, funksjoner med fleire komplekse variablar og partielle differensiallikningar.
Kjelder endre
- Charles Fefferman. (2011-11-01) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Charles_Fefferman