Charles Knowles (17041777) var ein britisk marineoffiser.

Charles Knowles

Føddca. 1704
London
Død9. desember 1777 (73 år)
Statsborgar avKongeriket Storbritannia
Yrkemarineoffiser, politikar
MorElizabeth Lister
FarCharles Knollys
EktefelleMary Alleyne, Maria Magdalena Theresa de Bouget
BarnEdward Knowles, unknown daughter Knowles, unknown daughter Knowles, Anna Charlotte Christiana Winder, Sir Charles Knowles, 2nd Baronet
Alle verv
  • Jamaicas guvernør (1752–1756)
  • member of the 10th Parliament of Great Britain Sjå dette på Wikidata

Han hadde vore kaptein på forskjellige krigsskip i åtte år, då han våren 1746 vart utpeikt som guvernør i Louisbourg. Han var misnøgd med tilhøva på fortet i Louisbourg og klaga til hertugen av Newcastle. 30. november 1747 fekk han igjen kommando på havet. 8. mars 1748 kapra han fort Saint Lous de Sud i Haiti med flaggskipet sitt «Cornwall». Like etter, 12. mai 1748, vart han forfremma til kontreadmiral av raud orden.

12. oktober 1748 kjempa Knowles i sjøslaget ved Havana mot ein spansk skvadron. Sjølv om eitt spansk skip vart kapra og eit anna skadd, vart ikkje slaget den store sigeren som britane hadde håpa på. Knowles vart skulda for dårleg leiarskap og vart ført til England og stilt for krigsrett. Resultatet vart ein reprimande for den dårlege taktikken han hadde nytta.

I 1749 vart Knowles sendt til Jamaica, der han vart guvernør fram til 1752.

I 1757, under sjuårskrigen mot Frankrike, var Knowles nestkommanderande under admiral Edward Hawke (1705-81) i Rochefort-toktet, der britane gjekk på land ved Rochefort i Frankrike. Toktet var mislukka og Knowles fekk etter dette ikkje kommando over skip igjen. Han vart full admiral i 1758, og admiral av kvit orden i 1770. Dette året trekte Knowles seg tilbake frå marinen og aksepterte ein avtale med Katarina av Russland om føre marinen hennar i krigen mot Tyrkia. Han tente i den russiske marinen til 1774.

Kjelder endre