Charolais er ein storferase frå Frankrike som hovudsakleg vert halden for kjøt .

Charolaisokse
Charolaisku og kalv

Historie og utbreiing endre

Rasen har sitt utspring i Charolais-Brionnais-området midt i Frankrike, og har vore omtala så langt attende som år 878. Charolaisfeet var opphavleg utvikla som trekkdyr, noko som resulterte i at rasen er stor av vekst med mykje musklar, spesielt i rygg og lår. På 1700-talet vart rasen brukt både som arbeidsdyr og kjøtfe. Frå 1900-talet har feet vore avla for kjøtet. Charolais vart introdusert i Noreg tidleg på 1960-talet, og er nå den mest populære kjøttferasen i landet

Kjenneteikn og eigenskapar endre

Charolais er ein kjøtferase, og vert ikkje brukt til mjølkeproduksjon. Rasen har likevel gode mjølkeeigenskapar og gir gode ammekyr. Rasen er lys av farge, nesten reint kvit, men andre fargevariantar finst også. Viktige eigenskapar er stor tilvekst og høgt opptak av grovfôr. Rasen vert ofte brukt til kryssavl med andre raser, mellom anna norsk raudt fe. Charolais er kjent for å gi godt avkom når det vert kryssa med andre raser av kjøttfe, spesielt angus- og herefordfe. Oksane veg opp til 1200 kg, og kyrne opp til 900 kg. Charolaisfeet har godt gemytt, er utprega flokkdyr og tek opp det meste av føda medan dei går ute på beite med kalv. Feet nyttar kulturlandskapet godt og held det også ope fordi denne produksjonen er ekstensiv.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Charolais