Chartbusters Go Pop

Chartbusters Go Pop
Samlealbum av Elton John
Språk engelsk
Utgjeve 1994
Innspelt 1969-1970
Sjanger Pop
Lengd 56:48
Selskap RPM
Purple Pyramid
Produsent Forskjellige
Elton John-kronologi 
The Lion King
(1994)
Chartbusters Go Pop Made in England
(1995)


Chartbusters Go Pop (med undertittel 20 Legendary Covers from 1969/70 as sung by Elton John) er eit samlealbum med coverversjonar sungen av Elton John.

Innspelingane er frå tida før Elton John slo igjennom. Dei er henta frå fleire billige samleplater med hitsongar under merkenamn som Top of the Pops, Chartbusters og Hot Hits. Desse vart gjevne ut av lågbudsjettsselskap som Music for Pleasure og inneheldt nyinnspelingar av nye eller nylege hittar. Mange av dei vart kopierte tone for tone av namnlause artistar som høyrdest ut som originalartisten. Som så mange som arbeidde som studiomusikarar på denne tida, arbeide John som vokalist på desse albuma.

Innspelingane vart gjort billig og seld i store mengder fram til ein i 1972 fekk samleplater med originale artistar på selskap som K-Tel. Ålmenta føretrekte openbert dei originale innspelingane og perioden med billige coversamlingar to raskt slutt. Dette albumet samlar songane som John medverka på i 1969 og 1970.

Innhald endre

Nr.TittelOriginalartistLengd
1.«My Baby Loves Lovin'»White Plains2:44
2.«Cotton Fields»Lead Belly, gjort populær av The Beach Boys2:47
3.«Lady D'Arbanville»Cat Stevens3:41
4.«Natural Sinner»Fair Weather2:50
5.«United We Stand»Brotherhood of Man2:48
6.«Spirit in the Sky»Norman Greenbaum3:37
7.«Travelin' Band»Creedence Clearwater Revival2:16
8.«I Can't Tell the Bottom from the Top»The Hollies3:42
9.«Good Morning Freedom»Blue Mink3:07
10.«To Be Young, Gifted and Black»Nina Simone, gjort populær av Bob and Marcia3:04
11.«In the Summertime»Mungo Jerry2:51
12.«Up Around the Bend»Creedence Clearwater Revival2:38
13.«Snake in the Grass»Dave Dee, Dozy, Beaky, Mick & Tich3:02
14.«Neanderthal Man»Hotlegs3:35
15.«She Sold Me Magic»Lou Christie1:56
16.«Come and Get It»Paul McCartney, gjort populær av Badfinger2:14
17.«Love of the Common People»Waylon Jennings, gjort populær av Nicky Thomas2:33
18.«Signed, Sealed, Delivered I'm Yours»Stevie Wonder2:32
19.«It's All in the Game»Tommy Edwards, gjort populær av Four Tops2:23
20.«Yellow River»Christie2:35

Kjelder endre