59°55′57″N 10°42′45″E / 59.93250°N 10.71250°E / 59.93250; 10.71250

Chateau Neuf

ArkitektKjell Lund, Nils Slaatto
Kart
Chateau Neuf
59°55′56″N 10°42′45″E / 59.9323°N 10.7126°E / 59.9323; 10.7126

Chateau Neuf er eit samlings- og kulturhus på Majorstua i Oslo for Det Norske Studentersamfund, ei foreining for studentane ved Universitetet i Oslo og andre lærestadar. Huset er teikna av arkitektane Kjell Lund og Nils Slaatto, og stod ferdig i 1970.

Chateau Neuf skulle vere eit palass for ordskifte og akademisk diskusjon, og bygningen inneheld eit stort lokale, Storsalen, der dei folkerike laurdagsmøta skulle gå føre seg, medan det i Lillesalen, på Teaterscenen og i Biblioteket skulle haldast mindre debattar og foredrag.

Namnet på huset, som tyder «Det nye slott» og skal uttalast «Sjatå nøff», var vald på bakgrunn av at Det Norske Studentersamfund har ein orden som heiter «Hans Majestet Den Gyldne Gris' Orden» under «H M Grisen», men har òg å gjere med at studentsamfunnet med dette fekk sitt eige nye hus etter alle åra med tilhald i ulike lokale kring i byen, som i Uranienborgveien 11 (ikkje langt frå Slottsparken) og i det nedlagde teatret Dovrehallen i Storgata.

Studentersamfundet hadde ikkje økonomi til å eige og drive Chateau Neuf, og solte våren 1998 bygningen til Universitetet i Oslo, som på si side stilte huset vederlagsfritt til disposisjon for Studentersamfundet. Det er Studentersamfundet som forvaltar bygningen, som hyser mange studentforeiningar av ulike slag.

Bakgrunnsstoff endre