Chengdu er ein kinesisk subprovinsiell by og provinshovudstad i Sichuan vest i Kina. Han har vore hovudstad i fleire kinesiske rike. Byen har vore eit av dei kulturelle sentera i Vest- og Sør-Kina i 2000 år. Chengdu er òg rekna som opphavsstaden til papirpengar.

kinesisk 成都
(pinyin Chéngdū)
Andre namn Chengtu, Ch'engtu;
Tilnamn: «Hibiskusbyen», Róngchéng (蓉城); «Brokadebyen», Jinchéng (锦城)
Jin-elva med bru i Chengdu.
Jin-elva med bru i Chengdu.
Jin-elva med bru i Chengdu.
Styresmakter
Land
Provins
Kina
Sichuan
Geografi
Flatevidd 12 390 km²
Innbyggjarar 11 000 670
Innbyggjarar
 - By (2020)
   - folketettleik

20 937 757[1]
  887,9/km²
Høgd over havet 500 m
Tidssone UTC+8 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.chengdu.gov.cn
Plassering

Det subprovinsielle byområdet dekker eit areal på 12 390 km² og har eit folketal på 11 000 670. Talet på innbyggarar innanfor sjølve bygrensene til Chengdu vart i 2005 rekna til 4,42 millionar.

Geografi endre

Chengdu ligg på Chengdu-sletta på vestsida av Sichuanbassenget. Fleire elvar renn gjennom byen, mellom anna Jin, Fu og Sha. Chengdu ligg 260 km nordvest for Chongqing.

Den subprovinsielle byen omfattar 9 distrikt (区 qū), 4 byfylke (市 shì) og 6 fylke (县 xiàn). Han grensar til prefektura Ngawa i nord, Deyang i nordaust, Ziyang i søraust, Meishan i sør og Ya'an i sørvest.

 
Handlegata Chunxi i sentrum av Chengdu.

Chengdu er i dag det viktigaste transportknutepunktet i Vest-Kina og handelssenter for den tett folkesette Chengdu-sletta.

Byen er sterkt industrialisert med kjemisk industri, næringsmiddelindustri, tekstilindustri, mekansisk industri (fly, jernbaneutstyr, turbinar og verktøy), elektronisk industri og aluminiumindustri.

Chengdu er også eit viktig utdanningssenter, med fleire universitet og høgskular, mellom anna eit eige institutt for tibetanarar og andre kinesiske minoritetar.

Historie endre

Området har vore folkesett i fleire tusenår. Byen Chengdu reknar grunnlegginga si til 316 f.Kr., då Qin-generalen Zhang Yi skal ha skipa ein ny by her etter å ha nedkjempa Shu-riket.

Dujiangyan er eit vatningssystem rundt 60 km nordvest for byen Chengdu, innan administrasjonsområdet. Det blei grunnlagd under Chin-dynastiet (221–206 f.Kr.) og danner grunnlaget for den intensive utnyttelsen av Chengdu-sletta. Vatningssystemet og Qingchen-fjellet i nærleiken, som er rekna som ein årestad for taoismen, er rekna som verdsarv av UNESCO.

Chengdu blei hovudstad for kongeriket Shu-Han (蜀汉; 221-263) grunnlagd av Liu Bei då det austlege Han-dynastiet smuldra.

 
Qingyang Gong.

Under Tang-dynastiet budde to vidgjetne diktarar, Li Bаí (李白) og Dù Fǔ (杜甫), ei tid i byen. Under det fireårige opphaldet sitt (759-762) bygde Du Fu ei vidgjeten stråhytte kalla Caotáng. Under Song-dynastiet blei det seinare laga hagar og bygningar på staden, som framleis er ein attraksjon.

 
Det kongelege Shu-palasset Huangchengba, som blei øydelagd under Kulturrevolusjonen.

Under Fem dynasti og ti kongerike-tida (907-960) var byen hovudstad for tidlege og seine Shu. To ulike opprørarar, ein ved slutten av Song-dynastiet og den andre ved slutten av Ming-dynastiet, gjorde byen til hovudstad for dei kortvarike rika sine, Dàshu (大蜀) og Dàxi (大西).

I mellomalderen var Chengdu ein svært velståande handelsby, mellom anna kjent for sine vakre brokade- og satengstoff. Det var frå Chengdu at kjøpmenn introduserte bruken av papirpengar til resten av Kina.

Byen blei rasert av mongolar i 1279, og dei fleste av dei 1,4 millionar innbyggjarane drepne. Sidan 1368 har Chengdu vore hovudstaden i Sichuan.

Byen voks sterkt under andre verdskrigen, då mange kinesarar på flukt frå japanarar slo seg ned her. Kuomtintang-regjeringa til Chiang Kai-shek og ei rekkje forretningsfolk, akademikarar og arbeidarar kom hit og grunnla industri og kulturelle institusjonar som framleis gjer Chengdu til eit viktig senter. I 1944 blei Chengdu det første utgangspunktet for eit amerikansk motåtak mot Japan under Operasjon Matterhorn.

Under Den kinesiske borgarkrigen var Chengdu den siste byen i Fastlands-Kina som blei styrt av Kuomintang. Han blei teken av Folket sin frigjeringsher 10. desember 1949, og Kuomintang-regjeringa flykta til Taiwan. Under Mao Zedong sitt styre blei fleire bygningar frå den gamle keisartida øydelagde. Sidan slutten av 1980-åra har byen opplevd stor økonomisk vekst.

12. mai 2008 blei området råka av eit jordskjelv med storleiken 8.0 på Richter-skalaen. Rundt 80 000 blei drepne. Dei største skadane fann stad i Dujiangyan og Pengzhou, byar innanfor det subprovinsielle byområdet. Sjølve Chengdu hadde bygningar som kunne motstå jordskjelv, og fekk få skadar.

Kultur endre

 
Kunstferdig tehelling i Chengdu.

Dei fleste innbyggjarane i Chengdu er hankinesarar. Det tradisjonelle talemålet her er chengdudialekten av sichuanmandarin.

Sichuanmat er kjend for å vera krydra. Lokale spesialitetar er mapo doufu (tofu), Chengdu-eldgryte og dan dan-nudlar. Byen er elles kjent for sine mange tehus.

Sichuanopera har Chengdu som sin hovudby, med fleire institusjonar tileigna kunstgreina.

Taoist-tempelet Qingyang Gong blei bygd på 800-talet. Det er det største taoistområdet i Sørvest-Kina, og var ifølgje Daojiao Jiyao staden der Laotze preika for Yin Xi.

Wuhou-tempelet blei bygd under Vestre Jin (265-316). Det er mausoleum for statsgrunnlegjaren Liu Bei og fleire undersåttar, ein kombinasjon som er svært uvanleg i keisarlege Kina.

I Chengdu finst også Jinsha-feltet, eit arkeologisk funn på 3000-4000 år som blei gjort i 2001.

Vest for Chengdu ligg pandareservatet Wolong, eit senter for stell og oppdrett av kjempepandaer. 80 % av dei ville kjempepandaene lever i Sichuan-provinsen.

Snø og is-festivalen i Sør-Kina blir halde kvart år på Xiling-fjelet i Dayi i Chengdu.

Styresmakter endre

Leiaren for lokalavdelinga til Kinas kommunistparti er Fan Ruiping, og borgarmeisteren er Luo Qiang (2019).

Folk frå Chengdu endre

  • Dai Sijie (f. 1954), fransk-kinesisk forfattar, filmskapar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chengdu

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 http://tjj.sc.gov.cn/scstjj/tjgb/2021/5/26/68cf8ce902a44c389e72591bd5a31ca2.shtml.

«Chengdu» i Store norske leksikon, snl.no. vitja 30. mars 2011.