Chenin blanc er ei allsidig vindrue av grøn type. Ho er kjend som steen i Sør-Afrika, pineau de la Loire frå Loire-regionen i Frankrike.

Chenin blanc-druer

Dei mest populære chenin blanc-vinane kjem frå denne regionen, blant anna i Anjou-Touraine og Vovray i Loire-dalen.

Drua kan gi alt frå tørre til svært søte vinar. Dei har alltid flott syre med ein kompleks mandel- og sitrusprega aroma. Dei søtaste vinane er meir eksotiske og honningprega.

Karakteristiske trekk er at drua utviklar mykje syre og at ho er særs mottakeleg for edelråte.

Kjelder endre