Chiffer eller siffer er ein algoritme for kryptering av informasjon. Metoden består av ei rekkje veldefinerte steg som kan følgjast som ein prosedyre. I daglegtale vert chiffer nytta på same vis som kode, men omgrepa er forskjellige innan kryptografien.

Edward Larsson sine runechiffer.

Når ein nyttar ein chiffer er den originale informasjonen kjend som klårtekst og den krypterte forma som kryptogram. Kryptogrammeldinga inneheld all informasjonen frå klårtekstmeldinga, men er ikkje leseleg for menneske eller datamaskin utan ein riktig mekanisme for å dechiffrere meldinga.

Kjelder endre