Chris Medina

amerikansk songar

Christopher Edward Medina, kjend som Chris Medina (fødd 1983 i Chicago) er ein amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og pianist.

Chris Medina

Statsborgarskap USA
Fødd 30. november 1983 (40 år)
Chicago
Yrke songar, musikar, pianist

Han deltok i American Idol i 2011 og dagen etter han vart slått ut av konkurransen gav han ut singelen «What Are Words». Songen er inspirert av Juliana Ramos, ho han er trulova med, som fekk alvorleg hjerneskade etter ei bilulukke 2. oktober 2009, og valet han gjorde om å vere der for ho etter ulukka. Songen gjorde det sterkt i fleire land og debuterte 22. april 2011 på sjetteplass på VG-lista før han klatra til fyrsteplass veka etter.

Noreg endre

Fyrste gongen Medina opptredde utanfor USA var på «Schools Out»-festivalen på Notodden 10. juni 2011. Medina er ein del av gruppa The Able Body som også var med til festivalen.

Medina opptredde under VG-lista Topp 20Rådhusplassen i Oslo 17. juni 2011, på Festplassen i Bergen 13. juli 2011 og i Oslo Spektrum under ULOBA sin konsert i samband med 20-årsjubileet til organisasjonen den 18. juni 2011.

10. august 2011 kom Medina eins ærend frå USA til Fana kyrkje i Bergen for å syngje «What Are Words» i gravferda til Monica Iselin Didriksen som var eit av ofra etter massakren på Utøya 22. juli 2011.

Diskografi endre

Singlar

Kjelder endre