Christian Jensen

norsk politikar

Christian Jensen (14. april 18233. september 1884) var ein norsk embetsmann, amtmann i Christians amt, stortingsmann og statsråd 1879-84.

Christian Jensen

Christian Jensen. Illustrasjon i Verdens Gang, 1883.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. april 1823
Bergen
Død

3. september 1884 (61 år)
Christiania

Yrke politikar
Språk norsk
Christian Jensen på Commons

Jensen var fødd i Bergen, der faren var kjøpmann. Han vart student frå katedralskulen i Bergen i 1841 og cand. jur. i 1845. Frå 1846 arbeidde han som kopist i Indredepartementet sitt vegkontor, 1850 byråsjef og 1854 ekspedisjonssekretær i same departementet. Frå 1859 var han amtmann i Christians amt i samfulle 20 år.

Jensen var med i fleire kongelege kommisjonar. 1854 var han med i kommisjonen om reguleringa av Øyeren, 1866 om embete som hadde inntekter av sportlar, 1867 om lønsregulativ av sivile og militære embete, og 1869 om eldsfarlege stoff.

Jensen var stortingsmann 1862-70 og 1875-79. Føre 1870 representerte han byane Lillehammer, Hamar og Gjøvik. Sidan møtte han for Christiania, Hønefoss og Kongsvinger. Han var 1862-63 formann i skoglovskomiteen og medlem av vegkomiteen, på omframstortinget 1864 var han medlem av jarnbanekomiteen. Formann i næringskomite nr 1 både i 1865-66 og 1868-69. Medlem av Lagtinget 1868-69 og 1877-79. Valbolken 1874-76 var han 1. varamann, møtte fast 1875 og -76, medlem av justiskomiteen. Formann i justiskomite nr 2 åra 1877-79. I 1864 var han medlem av deputasjonane til Eidsvoll 17. mai og Christiania 4. november.

Hausten 1879 fekk Jensen plass i statsrådet, var så sjef for dels Revisjonsdepartementet, Justisdepartementet og Indredepartementet. 26. mars 1884 gjekk han ut av statsrådet, etter han to dagar i førevegen av riksretten vart dømd for å ha brote vilkåra for embetet. I byrjinga av juni same året vart han konstituert som auksjonsforvaltar i Kristiania. Døydde i hovudstaden berre tre månader seinare.

Kjelder og litteratur endre