Christian Lindberg

Christian Lindberg (fødd 15. februar 1958 i Stockholm) er ein svensk trombonist, dirigent og komponist.

Christian Lindberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 15. februar 1958 (66 år)
Stockholm
Yrke dirigent, komponist, trombonist
Språk svensk
Medlem av Kungliga Musikaliska Akademien
Far Arne Lindberg
Mor Ulla-Monica Lindberg
Nettstad http://www.tarrodi.se/cl/
Christian Lindberg på Commons

Lindberg begynte å spele trombone først som 17-åring og blei allereie etter to år tilsett i Kungliga Hovkapellet. Etter vidare utdanning blei han verda si første heiltids profesjonelle trombonesolist. Han har eit nært samarbeid med komponisten Jan Sandström, noko som bl.a. har resultert i to trombonekonsertar. Fleire andre komponistar har òg skrive musikk for Lindberg.

På starten av 2000-talet begynte Lindberg òg å dirigere og komponere profesjonelt. Han er sjefsdirigent for Nordiska Kammarorkestern i Sundsvall og Stockholms Läns Blåsarsymfoniker.

I 2003-2006 komponerte Lindberg ein konsert for bass-, tenor- og alttrombone og orkester med tittelen Chick'a'Bone Checkout, bestilt av Chicago Symphony Orchestra og tileigna orkesteret sin trombonist Charles Vernon, som urframførte verket 28. september 2006.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre