Christian Meidell

norsk politikar

Christian Garup Meidell (30. januar 178019. mars 1863) var ein norsk hærmann frå Balestrand som var stortingsmann 1827-28 og fyrste ordføraren i heradet.

Christian Meidell
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. januar 1780
Død

19. mars 1863 (83 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Meidell var son til ein militær-kaptein og gardbrukar på Flesje i Balestrand. Sjølv reiste han til København og utdanna seg 1795-98 ved landkadettakademiet. Han steig i gradane frå fenrik i 1798, via sekondløytnant og premierløytnant til kaptein og kompanisjef i 1811. I 1818 tok han avskjed frå dansk hærteneste og busette seg garden Flesje. Frå 1823 var han kompanisjef i Bergenske brigade, 1839-54 oberstløytnant og korpssjef.

Meidell representerte Nordre Bergenhus amt på stortinget 1827 og omframtstortinget 1828. I 1827 var han med i Militærkomiteen, i 1828 i Komiteen om vernepliktslova. Sidan var han både ordførar 1838-39 og forlikskommissær i Balestrand i mange år.

Kjelder endre