Christian Reithmann

Christian Reithmann (9. februar 18182. juli 1909) var ein tysk oppfinnar, kjent for at at han fann opp firetaktsmotoren. Han hadde eksperimentert med forbrenningsmotorar heilt frå 1852[1] og søkte om patent på ein forbrenningsmotor alt i 1860, men dette var truleg ikkje ein firetaktsmotor. Han bygde ein motor i urmakarverkstaden sin i München, som hadde ein sylinderdiameter på 98 mm, ei slaglengd på 111 mm og eit turtal på 200 o/min. Det er noko uklart når denne motoren var ferig. Men i 1873 hadde han ein fungerande firetaktsmotor, fire år før Nikolaus August Otto. Uavhengig av Reitmann leverte Alphonse Beau de Rochas ein fransk patentsøknad på prinsippet for firetaktsmotoren i 1862[treng kjelde].

Christian Reithmann

Fødd9. februar 1818
St. Jakob in Haus
Død2. juli 1909
München
NasjonalitetAusterrike
Yrkeurmakar, oppfinnar

Patentkrangel og rettssak endre

Nikolaus August Otto fekk patent på firetaktsmotoren i 1877, fire år etter at Reithmann demonstrerte ein fungerande firetakstmotor. I 1869 stifta Otto, saman med Eugen Langen, Gasmotorenfabrik Deutz & Co. og starta produksjon av firetaktsmotorar. Fleire var interesserte i å produsera firtaktsmotorar, men dei vart hindra av patentet til Otto. Hamburgingeniøren Ernst Körting var ein av desse. Han tok til å leita etter tidlegare skildringar av firetaktsmotoren og fann i 1884 fram til Reitmann og saksøkte Deutz. Dette var dårleg nytt for Deutz, som hadde store økonomiske interesser i produksjonen av firetaktsmotorar. Patentet til de Rochas vart òg drege inn i rettssaka. Patentet til Otto var teke ut i namnet til Gasmotoren-Fabrik Deutz AG, så rettssaka heldt fram etter at Otto døydde i 1891. Rettssaka varte heilt til 1894, Deutz tapte og retten oppheva patentet til Deutz. Men Deutz betalte Reithmann 25.000 goldmark, pluss lønn på livstid, for ei skriftleg erklæring om at det var Otto som fann opp firetaktsmotoren. Deutz klarte å halda avtalen hemmeleg heilt til 1949, då han vart avslørt i ei bok om Otto[2].

Kjelde endre

  1. M. Fritz, Reithmann, Christian, Geschichte Torol
  2. Langen, A., Nicolaus August Otto – der Schöpfer der Verbrennungsmotors, 1949.

Sjå òg endre