Christian Slater

amerikansk skodespelar

Christian Slater (fødd Christian Michael Leonard Hawkins18. august 1969) er ein amerikansk skodespelar fødd i New York.

Christian Slater

Statsborgarskap USA
Fødd 18. august 1969 (54 år)
New York by
Yrke fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, karateutøvar, stemmeskodespelar, filmprodusent, skodespelar, filmregissør
Språk engelsk
Far Michael Hawkins
Mor Mary Jo Slater
Ektefelle Ryan Haddon
Christian Slater på Commons

Tidleg i karrieren spelte Slater i såpeserien Ryan's HopeABC før han debuterte på Broadway i 1980 som Winthrop Paroo i The Music Man saman med Dick Van Dyke. På Brodway spelte han også i Copperfield, Merlin, Macbeth, Side Man og The Glass Menagerie. Slater opptredde også ved West End i London i One Flew Over the Cuckoo's Nest og Swimming With Sharks.

I 1985 hadde Slater si første filmrolle i The Legend of Billie Jean som Binx, bror til Billie Jean. Han hadde si første viktige rolle i Rosens navn, der han spelte novise i eit benediktinarkloster saman med Sean Connery. Han fekk også mykje merksemd for rolla si som J.D. i Heathers frå 1989, der han spelte saman med Winona Ryder. På 1990-talet spelte Slater i fleire kassasukksessar som Robin Hood: Prince of Thieves saman med Kevin Costner, Morgan Freeman og Alan Rickman. Sidan 2000 har han arbeidd både med film og fjernsyn, som i seriane The West Wing og Alias.

Filmar endre

(Utval)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Christian Slater

Kjelder endre