Christopher Wren (30. oktober 16328. mars 1723) var ein engelsk vitskapsmann og arkitekt, kjend for rolla si i gjenoppbygginga av kyrkjene i London etter storbrannen i London i 1666.

Christopher Wren

Christopher Wren av Godfrey Kneller, 1711.
Fødd20. oktober 1632
East Knoyle
Død25. februar 1723
London
NasjonalitetKongeriket England, Kongeriket Storbritannia
Områdearkitektur
Yrkearkitekt, astronom, matematikar, fysikar, anatom, universitetslærar, politikar, byplanlegger
InstitusjonarAll Souls College
Alma materWestminster School
Wadham College
EktefelleFaith Coghill, Jane FitzWilliam
BarnChristopher Wren jr., Jane Wren, William Wren
MedlemRoyal Society

Wren er særleg kjent for planteikningane sine av St. Pauls katedral, ei av få domkyrkjer i England oppført etter mellomalderen, og den einaste renessansedomkyrkja i landet. Han henta inspirasjon frå Peterskyrkja i Roma, og sjølv om planen vart møtt med stor motstand, lukkast det han å gje London og England eit dei prektigaste byggverka i byen og landet.

Wren vart fødd i 1632 i Wiltshire som son av domprosten i Windsor. Som gut møtte han den unge prinsen Karl, som seinare vart konge og tilsette Wren som arkitekt. Han fekk utdanninga si på Westminster School og Wadham College ved Universitetet i Oxford, og vart vald til All Soul. I 1657 byrja han å undervise i astronomi ved Gresham College, og fire år seinare vart han professor i astronomi ved Oxford, inntil han gjekk av i 1673. Wren var òg medstiftar av Royal Society, som han var formann for frå 1680 til 1682.

Hans første større arkitektoniske arbeid var Sheldonian Theatre i Oxford, og han teikna fleire andre universitetsbygningar i både Oxford og Cambridge, blant anna universitetskyrkjene ved Pembroke College og Emmanuel College i Cambridge.

St Pauls katedral

Etter den store bybrannen i London vart han vald som arkitekt for St Pauls katedral, og deretter vigde han seg heilt til arkitekturen. Planlegginga og oppføringa av den nye domkyrkja fann stad frå 1675 til 1710, og i mellomtida teikna Wren saman med kollegaene sine Robert Hooke og Nicholas Hawksmoor, mange andre bygningar, blant anna 51 kyrkjer i London som erstatning for dei 81 som var vorte øydelagt, og mange av desse er i dag verna. Han deltok òg i teikninga av Monument to the Great Fire of London, Royal Greenwich Observatory, Chelsea Hospital, Greenwich Hospital, Marlborough House, Ashmolean Museum i Oxford, Wren Library ved Trinity College i Cambridge, og mange andre framtredande bygningar.

Christopher Wren vart slått til riddar i 1673, og var medlem av parlamentet i periodane 1685–1688 og 1702–1705.

Forfattaren John Aubrey skreiv at Wren vart frimurar i 1691.

Wren døydde i 1723 og vart gravlagd i St Pauls katedral. Ei innskrift i domkyrkja, tileigna arkitekten, lyder «Lector, si monumentum requiris, circumspice» ('Lesar, viss du søkjer eit minnesmerke, så sjå deg omkring').

Kjelder endre