Christophorus Clavius

tysk astronom og matematikar

Christophorus Clavius (fødd Christoph Klau 1537/38 i Bamberg i Tyskland, død 1612 i Roma) var ein tysk matematikar, astronom og jesuittpater1500-talet. I samtida vart han kalla «kongen av matematikken», og vart framført alt kjend for arbeidet sitt ved det vatikanske stjerneobservatoriet som førte til utviklinga av det nye kalendersystemet som vart kalla opp etter pave Gregor XIII, den gregorianske kalenderen.

Christophorus Clavius

Fødd25. mars 1538
Bamberg
Død6. februar 1612
Roma
NasjonalitetTyskland
Områdematematikk
Yrkematematikar, astronom
Alma materUniversitetet i Coimbra
Roman College

Clavius tredde inn i jesuittordenen i 1555 og fekk utdanninga si i ordenen. Ved jesuittane sitt Collegio Romano i Roma studerte han teologi og underviste deretter matematikk der i ein lang periode. Clavius forfatta fleire matematikkbøker og medverka slik til utviklinga av matematikken. Ein vidt utbreidd kommentar til euklidsk geometri stammer frå han. Clavius medverka òg til teorien for prostaferese, ein reknemetode som var ein forløpar for logaritmane. Verka hans kom ut i 1612 i Mainz i fem band.

Månekrateret Clavius er kalla opp etter han.

Kjelder endre