Chrysler Building

Chrysler Building er ein skyskrapar i New York by. Den 319 meteren høge bygningen stod ferdig i 1930, og var den høgaste bygningen i verda i nesten eitt år, inntil Empire State Building nokre kvartal lenger vest på Manhattan stod ferdig i 1931.

Chrysler Building

ArkitektWilliam Van Alen
Opna27. mai 1931
Stilart deco
Kart
Chrysler Building
40°45′05″N 73°58′33″W / 40.751430555556°N 73.975719444444°W / 40.751430555556; -73.975719444444

Chrysler Building vart designa av William van Alen for den amerikanske bilprodusenten Chrysler. Bygningen er eit av dei fremste eksempla på Art Deco-stilen, og vert av mange sett på som den vakraste bygningen i New York. Med sin karakteristiske skinande topp i rustfritt stål, er Chrysler-bygningen òg ein av dei mest dominerande landemerka i byen. Utforminga av den dekorative toppdelen var dessutan inspirert av hjulkapslane på Chrysler-bileane på 1920-talet.

Til forskjell frå Empire State Building, er Chrysler-bygningen ikkje open for publikum.

Chrysler Building

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Chrysler Building