Chungking Mansions

Chungking Mansions er ein bygning som ligg i 36-44 Nathan Road i bydelen Tsim Sha Tsui i Kowloon i Hongkong. Bygningen er kjend for å tilby nokre av dei billegaste alternativa for overnatting i Hongkong. Bygningen er i utgangspunktet eit bustadskompleks, men inneheld mange små gjestehus som tilbyr billeg overnatting, i tillegg til butikkar, etestader og andre tenester. Den uvanlege atmosfæren i bygningen er blitt samanlikna med den til den tidlegare Kowloon Walled City.[1]

Chungking Mansions

Adresse36–44 Nathan Road, Tsim Sha Tsui, Hong Kong
Opna1961
Etasjar17 etasjar i 5 blokker
Kart
Chungking Mansions
22°17′47″N 114°10′21″E / 22.296372222222°N 114.17246944444°E / 22.296372222222; 114.17246944444

Folk av ulike etniske opphav held til eller treffer kvarandre her, særleg folk som stammar frå Sør-Asia, Midtausten og delar av Afrika som Nigeria.[2] Det blir drive kjøp og sal av ymse elektronikk, som mobiltelefonar og datamaskiner, klede og krydder her.

I kulturen endre

Chungking Mansions inspirerte tittelen og miljøet i filmen Chungking Express (1994) av Wong Kar-wai. Wong voks opp i bydelen, og såg på Chungking Mansions som ein metafor for heile Honkong.[3]

I krimromanen 9 Dragons av Michael Connelly dreg detektiven Harry Bosch frå Los Angeles til Kowloon i Hongkong på leite etter ei forsvunnen dotter. Chungking Mansions er skildra av ein perosn i romanen som eir «postmoderne Casablanca i éin bygning.»[4]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Teh, Yvonne. «The World of Chungking Mansions». BC Magazine. Arkivert frå originalen 13. juni 2010. Henta 22. oktober 2009. 
  2. «China, hip-hop and the new Sudan». CNN. 4. februar 2011. Henta 4. februar 2011.
  3. J.D. Lafrance, 'Cinematic Pleasures: Chungking Express', Erasing Clouds 23 (2004)
  4. Christopher Shay (10. november 2009). «U.S. Crime Writer Tackles a Real Hong Kong Cold Case». Time. Hong Kong Tuesday. «post-modern Casablanca—all in one building» 

Bakgrunnsstoff endre