Cime du Gélas er ein 3 143 meter over havet høg fjelltopp i Kystalpane, på grensa mellom Frankrike og Italia. Toppen er den høgste i Mercantour nasjonalpark. Fjellet har to toppar, skilt frå kvarandre av eit lite skard. Nordtoppen er den høgste, på denne har italienske prestar bygt ein kross.

Cime du Gélas
fjell
Cime du Gélas, sett frå sør
Land  Frankrike,  Italia
Fjellkjede Dei maritime Alpane
Høgd 3 143 moh.
Førstestiging 1864
Koordinatar 44°7′30″N 7°23′20″E / 44.12500°N 7.38889°E / 44.12500; 7.38889
Kart
Cime du Gélas
44°07′22″N 7°23′02″E / 44.122777777778°N 7.3838888888889°E / 44.122777777778; 7.3838888888889
Wikimedia Commons: Monte Gelas

Geologisk er fjellet ein del av Argentera-massivet som består av gneis, med innslag av granitt.

Ein italiensk adelsmann, Paolo di Saint-Robert, skal ha vore den fyrste til topps, han kleiv opp sommaren 1864.

Kjelder endre