â
ê
î
ô
û

Cirkumfleks ( ^ ) (av latin accentus circumflexus) eller møne er eit aksentteikn som på norsk vert nytta for å markere lukka uttale, som i «fôr» (mat til dyr) og «lêr» (hud). Elles vert cirkumfleks nytta i ein del framandord og- namn:

Praktisk bruk endre

På eit vanleg norsk tastatur skriv ein teiknet ^ ved å halde «shift» inne og trykkje på tasten til høgre for «å». Dersom ein straks etterpå trykkjer på tasten «o», vert det ein ô. Ønskjer ein berre å skrive sjølve teiknet, trykkjer ein på mellomromstasten i staden.

ISO 8859-1-bokstavkodinga inkluderer bokstavane â, ê, î, ô og û. Mange fleire bokstavar er tilgjengelege i Unicode.

Teiknet vert nytta i ASCII for å representere ein eksponent 2^3 = 8.

Kjelder endre