Cisiojanus er eit hugsevers frå mellomalderen for å finna datoen for dei viktigste helgendagane og dei faste kyrkjefestane i den katolske kyrkja. Cisiojanus blei opphavleg skrive på latin, og har namn etter dei to første orda i januarverset.

«Januar» i Cisiojanus frå Speculum humanae salvationis (tysk handskrift frå rundt 1430, no ved Det Kongelige Bibliotek i Danmark.

Regla er sett saman av 24 heksameter, to for kvar månad. Ho inneheld ei staving for kvar dag i året. Byrjingsbokstavane til namna på merkedagane er føyd inn i versa i den rekkjefølgja dei fann stad. Versa har dermed inga ordmeining.

Cisiojanus blei seinare omsett frå latin til andre språk. Regla blei brukt heilt til ho blei fortrengd av almanakkar henne på 1700-talet.

Kjelder endre

  • «Cisiojanus» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 6. juni 2015.