Citroën 2CV vart produsert av Citroën i åra 1949 til 1990. Bilen hadde ein etter måten enkel konstruksjon, men samtundes hadde han mange avanserte løysingar, som uavhengig fjøring på alle hjula og tannstongstyring. Sjølv om 2CV gjekk gjennom mange forbetrigar på desse 41 åra og etter kvart fekk meir utstyr var den karakteristiske forma lett å kjenna att.

Citroën 2CV.

Småbilprosjektet endre

 
Prototypen frå 1939, saman med den siste modellen frå 1990

Citroën 2CV var resultatet av det sokalla «Le projet TPV (Tout Petit Véhicule) (TPV)» (småbilprosjektet) til Citroën. Dette prosjektet vart starta i 1935, då bildekkprodusenten Michelin kjøpte Citroën og sette inn Pierre Boulanger som skjef. Boulanger ynskte å starta produksjon av ein småbil, som ville vera så billig at folk flest hadde råd til å kjøpa han. På den måten ville han auka etterspurdnaden etter dekk, slik at Michelin kunne auka dekkprodujsjonen sin.

Etter å ha utført ein marknadsanalyse, der fleire tusen svar vart analyserte, vart krava til småbilen formulerte. TPV-bilen skulle mellom anna ha plass til fire personar og 50 kg bagasje og han skulle ha framhjulsdrift. Motoren skulle vera på 2 franske skattehestekrefter og bensinforbruket måtte ikkje overstiga 3 liter per 100 km. Eit anna krav til småbilen var at han skulle kunna køyrast av «ein nybyrjar eller eit kvinnfolk». Bilen skulle framstå nøktern og praktisk og på slutten av 1960-talet vart han framstilt som «ein paraply på fire hjul» i reklamen.

Sjefskonstruktøren for prosjektet var André Lefebvre, som tidlegare hadde arbeidd med kraftoverføringa til dei framhjulsdrivne bilane til Citroën. Andre sentrale personar var Alphonse Forceau, som konstruerte fjøringa, og Jean Muratet, som var ansvarleg for karosseriet, og Flaminio Bertoni.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne teknologiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.