Civita er ein norsk borgarleg og liberal tankesmie som vart skipa i 2003.[1] Civita vert leidd av tidlegare Høgre-statsråd Kristin Clemet.

Civita

Org.formAksjeselskap
Org.nr.985996520
BransjeTankesmie
Skipa25. juni 2003
HovudkontorOslo
LandNoreg
Adm.dir.Kristin Clemet
Nettstadhttps://civita.no (norsk), https://civita.no/information-in-english/ (engelsk)

Føremål endre

Civita arbeider for å auka kunnskapen og oppslutnaden om liberale verdiar, institusjonar og løysingar. Dette gjer dei ved utgreiingar og analysar, deltaking i samfunnsdebatten, skolering og seminar.[2]

Virke endre

Civita gjennomfører årlege seminar i Oslo, og jamleg i Bergen og Trondheim elles. Oscarsborg-, Flesland- og Værnesseminaret er møteplassar som når ut til ideologisk interesserte unge menneske frå politikk og samfunnsliv. Seminara er idédebatt og dialog med føredrag og gruppediskusjonar. Civita-akademiet og Civita-skulen vert arrangert årleg.[3] Der bidreg forskarar og politikarar frå Noreg og utlandet til å klårgjera tema i politisk ideologi og filosofi.

Civita gjev også ut bøker, rapportar og notat, og er ofte aktuell i samfunnsdebatten knytt opp til liberalistiske verdiar igjennom avisoppslag og radio- og fjernsynsdebatt.

Aksjonærar endre

Aksjeselskapet Civita er non-profit. Aksjonærar spenner frå privatpersonar til ulike selskap innan shipping, investering, holding og reiarlag, og dessutan ei rekkje arbeidsgjevarforeiningar.

Dei største aksjonærane er:[4]

Kjelder endre

  1. Fjeldstad, Ulla Christensen; Garvik, Olav (25. januar 2023). «Civita». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Om Civita - Civita, den liberale tankesmien», Civita (på norsk bokmål), henta 28. desember 2023 
  3. Civita-akademiet
  4. «Roller, aksjonærer og styresammensetning av Civita AS - Regnskapstall», www.regnskapstall.no, henta 28. desember 2023 

Bakgrunnsstoff endre