Claas KGaA mbH er ein tysk landbruksmaskinprodusent, med hovudkontor i den tyske byen Harsewinkel i Nordrhein-Westfalen.[1]

Claas


BransjeJordbruksmaskin, landbruk
Skipa1913
HovudkontorHarsewinkel
LandTyskland
Produkttraktor
Nettstadhttp://www.claas.com
Claas Lexion 570
Dronevideo av skurtreskjar CLAAS Tucano 430 frå 2022

Generelt endre

 
Claas haustar og traktor

Firmaet vart grunnlagt i 1913 av August Claas i Clarholz i Westfalen, og sel i dag produkta sine i om lag 140 land. Claas er fyrst og fremst kjent som produsent av innhaustingsmaskinar: skurtreskjarar, høypresser, slåmaskinar, høyvendarar og sjølvgåande forhaustarar.

Claas er den største produsenten av sjølvgåande forhaustarar i verda og europeisk marknadsleiar innan skurtreskjarar. I 2003 tok Claas over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture, og verksemda produserer i dag eit stort utval av landbrukstraktorar.

I 2005 hadde Class 8134 tilsette og ei omsetjing på 2175,3 millionar euro, med ei forteneste (før skatt) på 86,4 millionar euro.

Historie endre

 
Claas rundballpresse
  • 1913: Claas vart grunnlagt av August Claas i Clarholz i Westfalen.
  • 1914: August, Bernhard og Franz Claas grunnla firmaet «Gebr. Claas».
  • 1930: Det vart sett i gang utvikling av den fyrste skurtreskjaren tilpassa europeiske tilhøve.
  • 1936: Claas starta produksjon av den fyrste skurtreskjaren.
  • 1937: Serieproduksjon av slepetreskjarar.
  • 1953: Konstruksjon av den fyrste sjølvgåande skurtreskjaren.
  • 1973: Claas synte fram den fyrste sjølvkøyrande forhaustaren.
  • 1995: Introduksjon av stortreskjaren «Lexion», som med ein kapasitet på 40 tonn per time var verda største skurtreskjar.
  • 2002: Største omsetjing i firmaet si historie.
  • 2003: Skurtreskjar nr 400 000 forlét samlebandet den 11. februar.
  • 2003: Claas tok over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture (som var ein del av firmaet Renault).
  • 2006: Claas lanserte Lexion 600, og hadde dermed på nytt verdas største skurtreskjar på programmet.

Produkt endre

Traktorar endre

 
Claas Celtis 436 RX.

Skurtreskjarar endre

Haustarar endre

Kjelder endre

  1. M. Baedekar, Die Claas Mähedrescher story, Landwirtschaftsverlag Münster-Hiltrup, 2001.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Claas