Claude Florimond de Mercy

Grev Claudius Florimund de Mercy (16661734) var ein tysk-romersk feltmarskalk, fødd i Longwy i Lorraine, i dagens Frankrike.

Claude Florimond de Mercy

Fødd1666
FødestadLongwy
Død29. juni 1734
DødsstadParma
Ranggeneral
Eininghæren til Det heilage romerske riket
KonfliktarDen spanske arvefølgjekrigen
Adelstittelgreve

Mercy gjekk inn i den austerrikske armeen som frivillig i 1682. Han utmerkte seg i det store slaget ved Wien året etter, og i løpet av sju år med felttog i Ungarn steig han i gradene til Rittmeister. På denne tida fekk han ein skade som permanent øydela synet hans. Dei neste fem åra fram til 1697 deltok han i italienske felttog, og vart så kalla attende til Ungarn av prins Eugene av Savoie og vann i slaget ved Zenta to forfremmingar.

De Mercy synte stort mot i dei første felttoga i den spanske arvefølgjekrigen i Italia, var nær ved å verte fanga av fienden to gonger og for gjerningane ved Cremona (31. januar 1702) fekk han personleg takk frå Leopold I av Det tysk-romerske riket og kommando over eit nytt kyrasérregiment. Med dette tok han del i Rhinfelttoget i 1703 og slaget ved Friedlingen, og suksessen hans som leiar av raid og herjingar vart godt kjend hos både ven og fiende. Han vart derfor vald ut tidleg i 1704 til å herje Maximilian II Emanuel av Bayern. Han vart kort tid etter forfremma til General-Feldwachtmeister, og deltok i slaget ved Schellenberg (2. juli 1704).

Under resten av krigen utmerkte han seg ofte med stort mot. Han steig til kavalerigeneral i løpet av desse ti åra. Den bestemte leiarskapen hans kom tydleg fram under slaget ved Peterwardein (1716) og han vart kort tid etter kommandør av Banatet i Temesvar.

I det store slaget ved Beograd (1717) leia han den andre linja av kavaleriet på venstreflanken i eit glimrande og avgjerande åtak som dreiv styrkane til Det osmanske riket til skyttargravene sine. Etter freden heldt han fram styret av Banatet, som etter meir enn 150 år under tyrkisk styre trengde ein dugande guvernør. Men før han tok til i denne stillinga vart han nok ein gong kalla til felten, denne gongen i Sør-Italia, der han kjempa i slaget ved Francavilla (20. juni 1719), tok Messina og kringsette Palermo. I elleve år etter dette styrte han Banatet, omorganiserte landet som eit velståande og sivilisert samfunn.

I 1723 vart han feltmarskalk i armeen og denne våren samla han og den irskfødde generalmajor baron Francis Patrick O'Neillan 50 000 mann ved Mantova i eit forsøk på å ta attende områda som vart tapt året før då austerrikarane vart driven ut av Italia av fransk-spanske styrkar. Mercy mista livet 29. juni i slaget ved Parma der han personleg leia soldatane sine. Han hadde ingen born, og namnet hans gjekk vidare til grev Argenteau, som kom frå familien Mercy-Argenteau.

Han var fosterfar til grev Florimund de Mercy d'Argenteau, og grandonkelen hans var Franz Freiherr von Mercy.

I august 2009 vart det avduka ei byste av han i Sentralparken i Timişoara.[1]

Kjelder endre

  1. Anca Toma, Diplome, apartamente şi hectolitri de bere, de Ziua Timişoarei[daud lenkje], Renaşterea Bănăţeană, 2009-08-04