Clausenengen Fotballklubb

(Omdirigert frå Clausenengen)

Clausenengen Fotballklubb (CFK) er ein fotballklubb i Kristiansund, som også har ei handballavdeling. Klubben vart stifta 1. juni 1921. Laget spelar heimekampane på kunstdekke (Kristiansund kunstgress). CFK spelar i kvite drakter, med blå bukser.

Soge endre

Clausenengen hadde sitt beste lag i byrjinga av 1970-åra. Sesongane 1972-74 spelte laget i 2. divisjon. Tilskodarrekorden på 4200 er frå den tida, 12. august 1973 tok ein imot rivalen Molde FK på Atlanten stadion, ein kamp bortelaget vann 2-0 og same hausten rykte opp til 1. divisjon. Seinare gjesta Clausenengen nivå to i norsk fotball både i 1989 og 1999.

Kristiansund Ballklubb vart skipa hausten 2003, gav Clausenengen frå seg plassen i seriesystemet til KBK og A-laget vart nedlagt. I 2008 melde CFK seg innatt i seriesystemet og tok til på lågaste nivå. Sesongen 2015 spelar laget på nivå seks i Nordmøre/Romsdal.

CFK-profilar endre

Landslagsspelarane Ole Stavrum, Øyvind Leonhardsen, Ole Gunnar Solskjær og Trond Andersen er alle tidlegare Clausenengen-spelarar.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre