Cleveland er ein by i delstaten Ohio i USA. Byen ligg i det nordaustre Ohio, ved sørbreidda av Eriesjøen og munningen av Cuyahoga-elva. Cleveland er administrasjonssentrum i Cuyahoga County, og den nest største byen i Ohio med 478 403 innbyggarar (2000).

Cleveland
Utsikt frå Terminal Tower.
Flagg
Land  USA
Stat Ohio
Fylke Cuyahoga County
Koordinatar 41°28′56″N 81°40′11″W / 41.48222°N 81.66972°W / 41.48222; -81.66972
Høgd 199 m
Areal 213,4 km²
Folketal 478 403
Leiar Justin Bibb
Kart
Cleveland
41°28′56″N 81°40′11″W / 41.482222222222°N 81.669722222222°W / 41.482222222222; -81.669722222222
Wikimedia Commons: Cleveland, Ohio

Historie endre

 
Eit Standard Oil-raffineri i 1899.

Cleveland vart grunnlagt 22. juli 1796 ved utløpet av Cuyahoga-elva, etter at ei gruppe nybyggarar under leiing av Moses Cleaveland kjøpte landet av urfolket. Landmålarane frå Connecticut Land Company som målte opp Western Reserve til byar kalla hovudbyen «Cleaveland» etter leiaren sin.[1] Moses Cleaveland hadde oppsyn med byplanen i sentrum av byen, rundt plassen Public Square. Deretter vende han heim til til Connecticut, og vitja aldri Ohio igjen.[1] Den første permanente nybyggjaren i Cleaveland var Lorenzo Carter, som byge ei hytte ved breidda av Cuyahoga.[2] Cleaveland fekk status som landsby 23. desember 1814.[3]

Stavemåten utan e vart teken i bruk av den lokale avisa The Cleveland Advertiser i 1831. Dette vart etterkvart det offisielle namnet.[4] I 1836 fekk Cleveland, på austbreidda av Cuyahoga, offisiell status som by.[3] Same året braut det nesten ut valdeleg konflikt med Ohio City på andre sida av elva om ei bru mellom dei.[5] Ohio City blei verande eit sjølvstendig område fram til det vart del av Cleveland i 1854.[3]

Etter at Ohioelva vart forbunden med Eriesjøen med ein kanal i 1832 tok Cleveland til å vekse, då vart byen eit knutepunkt for trafikken mellom Dei store sjøane og Mississippielva.

Ohio vart etterkvart sentrum for ein stor kol- og stålindustri. John D. Rockefeller bygde opp formuen sin i Cleveland, og i 1920 var byen voten til den femte største byen i USA.

Etter andre verdskrigen følgde ein periode med velstand for Cleveland. På 1960-talet tok industrien til å få problem, og mange flytta ut av byen til forstadane. Det kom og til raseopptøyar i Cleveland i 1966 og 1968.

I 1978 greidde ikkje byen låna sine lenger, og vart med det den første store amerikanske byen sidan depresjonen som gjekk konkurs.

Politikk endre

Det demokratiske partiet har alltid stått sterkt i Cleveland. Demokraten Frank G. Jackson har vore borgarmeister i byen i ei årrekkje.[6] Borgarmeisteren har stor makt, og kan i stor grad handle utan å legge saker fram for bystyret. Cleveland var den første større byen i USA som hadde ein svart borgarmeister, Carl B. Stokes (1968-71).

Næringsliv endre

 
Bygningar i Cleveland sentrum

Cleveland har tradisjonelt vore eit sentrum for stålindustri og eksport. Plasseringa ved Eriesjøen og Cuyahogaelva har gjort byen til eit samferdsleknutepunkt. Dei siste åra har nedgangen i amerikansk industri ramma byen, men ein oppgang i servicenæringane har til ei viss grad kompensert for dette.

På 2000-talet har Cleveland satsa tungt på høgteknologi som forsking på brenselceller og bioteknologi. Dei mange universiteta i byen er ein viktig brikke i dette miljøet. Offentlege styresmakter har satsa mykje på å bygge ut ein moderne infrastruktur for telekommunikasjon for å tiltrekke seg nye selskap i høgteknologiske bransjar.

Kultur endre

 
Baseballstadionet Jacobs Field

Cleveland har tre profesjonelle toppidrettslag. Cleveland Indians speler i Major League Baseball, Cleveland Browns speler i National Football League og Cleveland Cavaliers speler i National Basketball Association.

Cleveland Orchestra er eit symfoniorkester som held til i Cleveland. Det er rekna som eitt av de fem store symfoniorkestra i USA.

Ein viktig turistattraksjon i Cleveland er Rockens æresgalleri. Eit anna viktig museum i byen er Cleveland Museum of Art.

Folk frå Cleveland endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Cleaveland, Moses». The Encyclopedia of Cleveland History. Case Western Reserve University. 20. januar 2019. Henta 21. august 2019. 
  2. «Lorenzo Carter Cabin». Cleveland Historical. Henta 21. august 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Cleveland: A Bicentennial Timeline». The Encyclopedia of Cleveland History. Case Western Reserve University. 31. mai 2019. Henta 5. august 2019. 
  4. Bourne, Henry E. (1896). «The Story of Cleveland». New England Magazine 14 (6): 744. «It was agreeable to the wishes of many of our oldest and most intelligent citizens, who are of the opinion that the 'a' is superfluous.» 
  5. «Columbus Street Bridge». The Encyclopedia of Cleveland History. Case Western Reserve University. Henta 15. juli 2019. 
  6. «Home | City of Cleveland», www.cleveland-oh.gov, henta 31. juli 2020 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Cleveland
  Reiseguide for Cleveland frå Wikivoyage