Clouds
Studioalbum av Joni Mitchell
Språk engelsk
Utgjeve 1. mai 1969
Studio A&M, Hollywood, California
Sjanger Visesong
Lengd 36:52
Selskap Reprise
Produsent Joni Mitchell, Paul A. Rothchild
Joni Mitchell-kronologi 
Song to a Seagull
(1968)
Clouds Ladies of the Canyon
(1970)


Clouds er det andre studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, utgjeve 1. mai 1969 på Reprise Records. Etter å ha gjeve ut debutalbumet sitt året før til god omtale, spelte Mitchell inn dette albumet i A&M Studios i Hollywood. Ho produserte mesteparten av albumet sjølv og måla eit sjølvportrett som vart nytta som plateomslag. Clouds har eit enkelt arrangement og er stort sett berre vokalen til Mitchell og den akustiske gitaren hennar med songar om mellom anna kjærastar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
MusicHound3/5[2]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[3]
Pitchfork Media7.0/10[4]
The Rolling Stone Album Guide3.5/5 stars[5]
The Village VoiceC[6]

Clouds nådde 22. plassen på albumlista i Canada og 31. plassen i USA. Det har selt til gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar. Clouds fekk generelt god kritikk i musikkpressa.

Bakgrunn endre

Etter å ha flytta til New York City og signert for Reprise Records i 1967, spelte Mitchell in debutalbumet sitt, Song to a Seagull i 1968 med produsenten David Crosby. Albumet var stort sett akustisk og somme songar vart sidan spelte inn av meir suksessrike songarar. På grunn av dette vart Mitchell eksponert for eit større publikum og fekk ein solid tilhengjarskare.[7]

Produksjon endre

Mitchell spelte inn Clouds i A&M Studios i Hollywood og spelte akustisk gitar og klaverinstrument. Ho fekk òg med seg Stephen Stills på gitar.[8] Ho produserte alle songane sjølve, utanom «Tin Angel», der Paul A. Rothchild var produsent.[9] Ho måla òg bilete på framsida av plateomslaget, eit sjølvportrett.[1]

To songar, «Chelsea Morning» og «Both Sides, Now», var alt blitt spelt inn av andre snogarar då Mitchell byrja å spele inn albumet.[10] Mitchell skreiv «Both Sides, Now» etter å ha lese Saul Bellow-romanen Henderson the Rain King frå 1959 på eit fly og baserte seg på eit punkt i romanen der hovudpersonen ser på skyer frå eit fly.[11] Samantreffet inspirerte til teksten i songen om å sjå på skyer frå begge sider som ein metafor på tvitydigheitane og mysteria i livet, som ho forklarte i eit intervju i 1967, «Eg drøymde ned på skyene og tenkte at då eg var barn hadde eg drøymd opp mot dei, og å ha drøymd mot skyene frå begge sider slik ingen tidlegare generasjonar har gjort, bør ein særs lett vere villig til å akseptere døden sin.»[11]

Clouds er stort sett berre Mitchell på song og akustisk gitar.[6] Songane på albumet har forholdsvis uvanlege, forsiktige harmoniar, særskild på «Songs to Aging Children Come», som nyttar kromatiske harmoniar.[12] For filmen Alice's Restaurant av Arthur Penn, Arlo Guthrie og Venable Herndon, vart «Songs To Aging Children Come» spelt inn på ny og framført av Tigger Outlaw i eit arrangement for solovokal og gitar som diegetisk musikk under ei gravferd. Songen til Mitchell vart rekna som eit høgdepunkt for ein «usedvanleg filmatisk» og «ven» scene.[13] Mitchell skulle opphavleg syngje songen sjølv, men avslo etter at forhandlingar om honorara ikkje vann fram med filmprodusentane.[14]

Utgjeving og mottaking endre

Clouds kom ut på Reprise Records den 1. mai 1969.[15] Det nådde 22. plassen på RPM-lista i Canada.[16] I USA nådde albumet 31. plassen på Billboard 200.[17] Det vann Grammyprisen for beste visesong i 1969.[17] I ei melding som kom då albumet kom ut, skreiv Robert Christgau i The Village Voice at «utan produksjonen til David Crosby høyrest røysta til Joni feilernært ut, noko ho er.» Han meinte albumet hadde tre «glimrande» songar — «Roses Blue», «Both Sides, Now» og «Chelsea Morning» — men kritiserte dei to sistnemnde for å «ha blitt gjort betre av andre», særskild Gloria Loring si utgåve av «Chelsea Morning».[6]

Clouds selde til gullplate i USA den 28. august 2001 for 500 000 selde eksemplar.[15] AllMusic-skribenten David Cleary kalla Clouds ei «essensiell utgjeving» og «ein sterkt, slåande album og eit stort sprang framover for Joni Mitchell. Vokalen hennar er meir rett fram og trygg enn på debuten og viser ei subtil uttrykksevne på eit merkverdig nivå.»[1] Sjølv om han syntest at Mitchell var «litt for ung og livleg til å syngje om desillusjon», meinte Pitchfork Media-skribenten Jessica Hopper at albumet var eit «landemerke» for Mitchell og ein «introduksjon til kva ho eigentleg handla om, å riste i visetradisjonen og gje av seg litt humor og glød.»[4] Rolling Stone observerte ein «eldre og visare tone» og «ei stor forbetring frå debutalbumet».[5] Magasinet rangerte «Both Sides, Now» på 171. plassen sin på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2010.[18]

Clouds vert rekna som kontemplativt album av Rolling Stone. David Cleary skreiv at songar som «Tin Angel», «That Song About the Midway» og «The Gallery» var skisesser av kjærastar,[1] at «I Don't Know Where I Stand» handlar om uvissa i ny kjærleik, at «The Fiddle and the Drum» samanlikna den krigshissande, amerikanske regjeringa under Vietnamkrigen med ein bitter ven, at «Roses Blue» omhandlar misbruken av det okkulte og at «I Think I Understand» handlar om mental sjukdom.[1] Jessica Hopper frå Pitchfork Media meinte at «tekstane til Mitchell var ein overgang frå den eigentlege hippie-sensualismen på denne tida (fargar! veret! stemningar!) til den klassiske prosodiske stilen (Keats! Cohen!) som ho vart kjend for.»

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tin Angel»4:09
2.«Chelsea Morning»2:35
3.«I Don't Know Where I Stand»3:13
4.«That Song About the Midway»4:38
5.«Roses Blue»3:52
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Gallery»4:12
7.«I Think I Understand»4:28
8.«Songs to Aging Children Come»3:10
9.«The Fiddle and the Drum»2:50
10.«Both Sides, Now»4:32

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget:[9]

Teknisk

Salslister endre

Liste (1969) Plassering
Den kanadiske albumlista[16] 22
U.S. Billboard 200[17] 31

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Cleary, David. «Clouds – Joni Mitchell». Allmusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 27. oktober 2012. Henta 4. november 2012. 
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Joni Mitchell Clouds». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 4. april 2015. Henta 2. juni 2015. 
  4. 4,0 4,1 Hopper, Jessica (9. november 2012). «Joni Mitchell: The Studio Albums 1968–1979». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 31. mai 2020. Henta 9. november 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Joni Mitchell Album Guide». Rolling Stone. Jann S. Wenner. 2004. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 4. november 2012. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Christgau, Robert (14. august 1969). «Consumer Guide (3)». The Village Voice (New York). Arkivert frå originalen 10. juni 2013. Henta 4. november 2012. 
  7. «Joni Mitchell – Music Biography, Credits and Diskografi». Allmusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 31. oktober 2012. Henta 21. januar 2021. 
  8. «Joni Mitchell – Clouds CD Album». CD Universe. Henta 21. januar 2021. 
  9. 9,0 9,1 Clouds (CD booklet). Joni Mitchell. Reprise Records. 1990. 6341-2. 
  10. Joni Mitchell, Biography: 1968–1970 Emerging Popular Artist Arkivert 13. desember 2007 ved Wayback Machine., JoniMitchell.com.
  11. 11,0 11,1 «Both Sides Now by Joni Mitchell». Rolling Stone. Jann S. Wenner. Arkivert frå originalen 21. oktober 2013. Henta 21. januar 2021. 
  12. «Harmonic Palette in Early Joni Mitchell», p.173. Author(s): Lloyd Whitesell. Source: Popular Music, Vol. 21, No. 2, (May 2002), pp. 173–193. Published by: Cambridge University Press.
  13. Vincent Canby, «Movies: Alice's Restaurant» Arkivert 1. november 2007 ved Wayback Machine., New York Times, Aug 25, 1969
  14. Joni Mitchell, Biography: 1968–1970 Emerging Popular Artist Arkivert 13. desember 2007 ved Wayback Machine.).
  15. 15,0 15,1 «Gold & Platinum Searchable Database». Recording Industry Association of America. Henta 21. januar 2021. 
  16. 16,0 16,1 «Top Albums/CDs». RPM (Toronto) 11 (25): 13. 9. august 1969. Arkivert frå originalen 8. november 2012. Henta 21. januar 2021. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Clouds – Joni Mitchell : Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Arkivert frå originalen 28. oktober 2012. Henta 21. januar 2021. 
  18. «500 Greatest Songs of All Time: Joni Mitchell, 'Both Sides Now'». Rolling Stone. Jann S. Wenner. Arkivert frå originalen 1. november 2012. Henta 21. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff endre