Clutha District er eit administrativt distrikt i regionen OtagoSørøyaNew Zealand. Administrasjonssenteret held til i byen Balclutha. Clutha District har ei flatevidde på 6 362,86 km², og ved folketeljinga i 2006 var folketalet 16 839. Clutha District dekkjer det meste av området som er kjent som South Otago.

Clutha District
distrikt
Tokomairiro presbyterianske kyrkje i Milton
Land  New Zealand
Region Otago
Areal 6 362,86 km²
Folketal 17 400  (2009[1])
Kart
Clutha District
46°05′S 169°33′E / 46.09°S 169.55°E / -46.09; 169.55
Wikimedia Commons: Clutha District

Geografi endre

 
Øvre Clutha Valley

Landskapet i Clutha District er dominert av dalen som Clutha-elva renn gjennom; han går søraust frå innsjøane i Central Otago, deler Clutha District i to og renn ut i Stillehavet ikkje langt frå Kaitangata. Sør for denne ligg det ulendte landskapet i The Catlins, med skogar og oppreven kystlinje. Nord for Clutha valley er det for det meste bølgjande bakkelandskap, med elvesletta til Tokomairiroelva i nordaust, saman med Waiholasjøen og Waiporisjøen, som er ein del av nedslagsfeltet til Taieri-elva. Waiporielva, som er den største tilførsleelva til Taieri, dannar den nordaustlege grensa til Clutha District.

Administrasjon endre

 
Balclutha

Clutha District er administrert av Clutha District Council, som har sete i Balclutha. På regionalt nivå er administrasjonen underlagt Otago Regional Council, med sete i Dunedin.

Clutha District var tidlegare samansett av tre skilde county, Clutha, Bruce og Tuapeka, og to boroughs, Balclutha og Milton. Desse vart slegne saman til eit distrikt i 1989 i samband med den nasjonale reorganiseringa av lokalstyret.

Bruce, eit område kring Milton, med tillegg av Tokomairiro Plains, hadde ei flatevidde på 1 357 km². Det omfatta busetnadane Waihola, Milburn og Waitahuna. Clutha, som omfatta elvedeltaet til Clutha River, og som strekte seg sørover til Catlinskysten, hadde an ei flatevidde på 2 664.5 km². Det omfatta busetnadane Kaitangata, Stirling, Owaka og Benhar. Resten av området, Tuapeka, låg kring Lawrence, omfatta dalane innover i landet frå Clutha River og tilførsleelvene, Pomahaka River og Tuapeka River. Det hadde ei flatevidde på 2 323 km².

Innbyggjarar endre

For statistiske føremål er dei tidlegare inndelingane til Bruce, Clutha og Tuapeka County enno i bruk av Statistics New Zealand, som brukar dei tidlegare grensene til Balclutha og Milton Boroughs. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i dei tre tidlegare counties høvesvis 2 658, 3 255 og 1 761.

Den mest folkerike byen i Clutha District er Balclutha, som ligg 81 km sør for Dunedin. Balclutha hadde ved folketeljinga i 2006 4 062innbyggjarar (attende frå 4 137 i 1996). Andre byar og tettstadar er Milton (pop. 1 887), Kaitangata (pop. 810), Tapanui (pop. 744), Lawrence (pop. 432), Owaka (pop. 327), Stirling (pop. 309), Clinton (pop. 291), Kaka Point (pop. 201) og Benhar (pop. 96). I ein periode på 1980-talet var Balclutha den mest velståande byen på New Zealand, rekna per innbyggjar.

Dialekt endre

Ein kan skilja innbyggjarane i Clutha District og i regionen Southland frå andre newzealendarar på at dei brukar rulle-r. Dette er ein rest frå den gæliske avstamminga hos mange av nybyggjarane her, som kom frå Skottland og Irland.

Kjelder endre

  1. Estimat 30. juni 2009, Statistics New Zealand

Bakgrunnsstoff endre