Clyde av J.J. Cale

Clyde
Singel av Waylon Jennings
frå albumet Music Man
B-side

«I Came Here to Party»

Utgjeve April 1980
Sjanger Country
Lengd 2:39
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) J.J. Cale
Produsent Richie Albright
Waylon Jennings-kronologi 
«I Ain't Living Long Like This»
(1979)
Clyde «Theme from The Dukes of Hazzard (Good Ol' Boys)»
(1980)


«Clyde» er ein song skriven av J.J. Cale og først gjeven ut på albumet hans Naturally i 1972. Den amerikanske gruppa Dr. Hook spelte inn songen i 1978 på albumet deira Pleasure and Pain.[1] Songen vart ein suksess for den amerikanske countryartisten Waylon Jennings.[2]

Jennings gav ut songen i april 1980 som den første singelen frå albumet Music Man, og nådde sjuandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og nådde toppen av RPM Country Tracks-lista i Canada.[3] Songen er òg å høyre i filmen Watchmen frå 2009.

Salslister endre

Liste (1980) Plassering
US Country Songs (Billboard)[4] 7
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[5] 3
Canadian RPM Country Tracks 1

Kjelder endre