Clydesdalehesten er ein skotsk arbeidshest. Namnet stammar frå området Clydesdale, der hesten har opphav frå.

Clydesdalehest

Raseskildring endre

Clydesdalehesten er stor og kraftig med store høver. Vaksne dyr skal vere mellom 163 og 183 cm i mankehøgd. Dei har rikt hovskjegg og har ofte kvite teikningar.

Bakgrunn endre

Rasen stammar frå 1800-talet då flamske hingstar vart kryssa med lokale hopper for å skape ein større arbeidshest. Fyrste gongen namnet Clydesdale vart brukt om ein hesterase var i 1826.

Førekomst endre

På det meste hadde Skottland rundt 140.000 hestar av Clydesdale-blod. Mange vart eksportert til Australia og New Zealand, og seinare til store delar av verda. Nedgangen kom med industrialiseringa av landbruket etter krigen, og i 1975 vart førekomsten rekna som sårbar. Etter den tid har talet stige igjen, og i dag reknar ein med at det finst om lag 5000 clydesdalehestar i verda.

Bruk endre

Clydesdalehesten har vore mykje brukt som arbeidshest i landbruket. I dag vert han i tillegg mykje brukt i paradar. Eit kjent amerikansk bryggeri har fleire spann clydesdalehestar som dei brukar til marknadsføring.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre