Coast Center Base AS

Coast Center Base AS (CCB) er ein forsyningsbase for oljeindustrien på Ågotnes i Øygarden kommune. CCB vart etablert i 1973 og har spesialisert seg på service- og forsyningstenester, teknisk vedlikehald og hamnedrift.[1] Basen har ei samla flatevidd på 600 mål.

Coast Center Base AS
Org.formAksjeselskap
Org.nr.980380610
HovudkontorÅgotnes
LandNoreg
Nettstadhttps://www.ccb.no/ (norsk)

CCB er hovudbase for forsyningsaktivitetane til petroleumsfelta i Tampen-området i Nordsjøen. Desse er Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk, Troll, Huldra og Kvitebjørn.

Administrerande direktør i CCB er Jan-Dagfinn Lund.[1] Eigarane er Bernh. Larsen Holding AS (50 prosent) og NorSea Group AS (50 prosent).[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Ågotnes», ccb.no, henta 20. november 2023 

Bakgrunnsstoff endre