Cockcroft-Walton-generator

Cockcroft-Walton-generator er ein høgspenningsgenerator, som vert nytta i kjernefysikken for å akselerere elektrisk ladde partiklar. Generatoren vart funnen opp av britane John Douglas Cockcroft og Ernest Thomas Sinton Walton i 1930. Med dette instrumentet, som gav ein spenning på 700 kilovolt, oppnådde dei i 1932 for første gong å påvise kjernereaksjonar skapt med kunstig akselererte partiklar. Ved å bombardere litiumkjernar med proton fekk dei danna alfa-partiklar.

Cockcroft–Walton-generator.

Kjelder endre