x

Col du Tourmalet er med 2 115 moh. den høgaste vegovergangen i dei franske Pyreneane. Passet ligg i Département Hautes-Pyrénées og knyter saman Luz-Saint-Sauveur og Campan.

Col du Tourmalet
Opp austsida, rett før passhøgda
Opp austsida, rett før passhøgda

Opp austsida, rett før passhøgda

Vest Aust
Passhøgd 2 115 m
Département Hautes-Pyrénées, Frankrike
Stader Luz-Saint-Sauveur Sainte-Marie-de-Campan
Samband D 918
Vinterstengt desember-mai
Fjellområde Pyreneane
Profil
Klatrekategori Hors catégorie Hors catégorie
Stigning (snitt) 7,6 % (1 405 m / 18,4 km) 7,4 % (1 270 m / 17,1 km)
Stigning (maks) 10,2 % 10 %
Kart (Hautes-Pyrénées)
Col du Tourmalet (Frankreich)
Col du Tourmalet (Frankreich)
Col du Tourmalet
Col du Tourmalet
Koordinatar 42° 54′ 31″ N, 0° 8′ 43″ AKoordinatar: 42° 54′ 31″ N, 0° 8′ 43″ A

Frå vestsida startar oppstigninga i Luz-Saint-Sauveur og går over Barèges. På 18,4 km stig vegen 1 405 høgdemeter med ein gjennomsnittleg stigning på 7,6 %. Frå vest startar oppstigninga i Sainte-Marie-de-Campan og går over La Mongie, og stig 1 270 høgdemeter over 17,1 km, dvs 7,4 % i snitt.

Col du Tourmalet er framfor alt kjent på grunn av Tour de France. Etter eit initiativ av Alphonse Steines blei passet tatt inn i rittprogrammet i 1910; og er det første høgfjellspasset i Touren si historie. Den gongen gjekk det berre ein sti over høgda og i tillegg var det ville bjørnar i fjellsidene. Under inspeksjonen av passet heldt Steines på å sette livet til, men likevel telegraferte han til sin overordna, Henri Desgrange: «Kom greit over Tourmalet. Stop. Vegen var i god stand. Stop. Ingen vanskar for ryttarane.» Octave Lapize, som seinare vann samanlagd, var førstemann over. På grunn av vanskane i fjella sa han til rittkontrollørane ei klatring seinare, ved Col d'Aubisque: «Vous êtes des assassins. Oui, des assassins!» («De er mordarar. Ja, mordarar!») Det kjende dramaet frå 1913 då gaffelen på sykkelen til Eugène Christophe brotna og han etter ei lang fotvandring sjølv måtte reparere han i ei smie i Sainte-Marie-de-Campan, gjekk òg føre seg på Tourmalet.

I dag blir Col du Tourmalet, Alpe d'Huez, Col du Galibier og Mont Ventoux rekna som dei vanskegaste og mest kjende klatreetappane i Tour de France. Tourmalet er ikkje berre det eldste, men er òg det mest brukte høgfjellspasset under touren.

I nærleiken av passhøgda står det ein minnestein over Jacques Goddet som leia Tour de France frå 1947 til 1986.

Litteratur endre

  • Kristian Bauer: Roadbook Tour de France, Bruckmann Verlag 2006, ISBN 978-3-765444-77-7
  • Peter Leissl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004, ISBN 978-3-936973-09-9
  • Philippe Bouvet, Philippe Brunel, Serge Laget, Philippe Le Men, Christian Naitslimane: Cols mythiques du Tour de France, L’Équipe 2005, ISBN 978-2-915535-09-9 (französisch)

Bakgrunnsstoff endre