College (IPA[ˈkɔlɪdʃ] eller [ˈkɔlɪdʒ]) er den engelske forma av kollegium, og vert brukt særleg om institusjonar innan høgre utdanning i engelskspråklege land. I USA er college ein utdanningsinstitusjon som førebur elevane/studentane til universitetsstudium, i andre engelsktalande land er det ei underavdeling av eit universitet.

Fettes College, Edinburgh

Eit college er eit samfunn som består av studentar og lærarar på lågare akademiske nivå, som lever og virkar innanfor dei, vanlegvis, store bygningskompleksa. College baserer seg delvis på allmennutdanning, og delvis på studieførebuande utdanning, slik at elevar innanfor den sistnemnde gruppa har tilstrekkeleg kompetanse til både å følgje undervisning og å avleggje eksamen ved universitet. På college er det òg stort engasjement retta mot idrett og anna samfunnsliv.

Eit college består av ein rektor (head master, principal, warden e.l.), ei mengd fellows (lønna dosentar, som deltek i både forvaltning og undervisning) og studentar av ulike kategoriar; først og fremst scholars. Pensioners eller commoners utgjer fleirtalet av studentar (undergraduates). Skilnadene mellom dei førnemnde studentkategoriane er av meir historisk interesse; i praksis legg ein i dag større vekt på resultata til studentane for kvart enkelt år. Nokre vel å halde fram med studiane sine ved college (kalla postgraduates).

Styringa av og samkvemet i college bar tidlegare preg av å likne på klosterlivet, eit preg som i seinare tid har vorte mykje mindre. Til dømes kan fellows no gifte seg. Dei fleste college har arkitektonisk interessante profanbygningar og kapell, bibliotek, muséum og parkar. På byrjinga av 1900-talet åtte byen Oxford 21 college, derav tre frå 1200-talet, medan Cambridge åtte 17 college.