Columbretesøyane

Columbretesøyane er ei lita øygruppe av vulkansk opphav i Middelhavet, 60 km utanfor Oropesa del Mar i regionen Valencia i Spania. Hovudøyane er Illa Grossa (eller Columbrete Grande), La Ferrera, La Foradada og El Carallot. Det samla arealet til desse fire er berre 0,19 km² og det høgaste punktet er 67 meter over havet.

Den største øya, Illa Grossa, er restane av eit gammal krater og er forma som ein halvsirkel. På øya står ein molo, eit fyr frå 1800-talet og ein bygning som biologar som arbeidae i i reservatet her nyttar.

Historia endre

Øyane var kjend for grekarane og romarane i antikken. Forfattarar som Strabius eller Plinius den eldre omtalte dei store mengdene slangar som levde her. Nemna Ophiusa på gresk og Colubrarialatinsk referer begge til dette.

Etter at det vart bygd eit fyr på Illa Grossa på midten av 1800-talet, slo eit par folk seg ned på øya. Dei fungerte som fyrvaktarar og var med på å avsløre smuglarar som nytta øya som skjulestad. Gardsdyr som grisar vart sett ut på øya då, og dette, samt brenning av kratt, førte til at dei mange endemiske slangane døydde ut. I dag finst berre ei utstoppa utgåva av denne slangen frå Columbretes igjen på Det naturvitskaplege museet i Madrid.[1]

Biosfærereservat endre

Sidan 1988 har øygruppa vore eit naturreservat. Øyane er ein optimal stad som hekkeplass for sjøfuglar. Den lokale kolonien med middelhavsmåse, som er rekna som nær utrydda, er ein av dei viktigaste koloniane i verda og ein nøkkel for å få arten til å overleve. Her finst òg ein av dei store stabile bestandane av eleonorafalk i Spania. I tillegg er øyane viktige om hausten og våren for trekkfuglar, sidan mange artar følgjer spanskekysten og nyttar øyane som kvilestad.

Sidan øyane er isolerte frå omverda har fleire endemiske artar av små firfisler, Podarcis hispanica atrata utvikla seg.[2] I dag er grisane fjerna frå øya og fyrlykta er automatisert, slik at berre biologar i dag vitjar øya for vedlikehald.

400 km² rundt øyane er òg ein del av eit marint reservat sidan 1990.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

39°53′53″N 0°41′7″E / 39.89806°N 0.68528°E / 39.89806; 0.68528